Ein kjekkas på besøk hos tante og onkel. |
Titt-titt! |
Her er Puste rett utanfor kjøkkendøra vår og får servert snop av lillesøster, min lillebror (i denne samanhengen vart dette litt feil - ein voksen kan det heller stå her. Eller onkel.) og hans tre barn. Alle mennesker akkurat der Puste vil ha de. På innsida av døra. Utan sko på. Og da gjør vi det slik. Slik at ho er så trygg som ho klarer å bli.
Men når vi har gjort dette på hennes premisser i ti år kjenner eg at eg skulle ønske at ting har gått seg til! Det har absolutt blitt betre enn utgangspunktet, ingen tvil, men ein kosepus hadde vore kjekt å ha. Til Puste takkar for seg er det ho vi har og hennes reglar vi følger. Om vinteren er ho meir inne. Ho er ikkje så glad i snø, regn og vind - så da biter ho frykten i seg og kjem inn - sjølv om ungane er vokne. Det er alltid veldig kjekt! Ho er jo så fin! Og vinterkattpels er noko av det mjukaste i verda! - og heilt flåttfri!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!