onsdag 30. april 2014

Sykkelfantomet!

Av oss fikk storebror lovnad om å få ein ny sykkel i 6-årsgåve. Etter mykje framogtilbake i ymse butikkar kjøpte vi ny sykkel på XXL på laurdag.
Det nye gliset vårt! :)
Etter at vi hadde fått sykkelen heim bar det rett ut på sykkeltur i gata. Lillesøster fikk sykkel av mormor og morfar i fjor, og den vart tatt fram til jubelhyl - den falt i smak i år også! Legg merke til at lillesøster hoppa oppi vinterskoa, de bruker ho kvar gong vi berre skal ut å leike litt - enkle å smette inn i. No har eg rydda de vekk, også får vi kjøpe nokon nye småsko som ho kan trakke oppi no om sommaren.
Sykkeltrening! Storebror fann balansen fort, noko vi også hadde trudd at han kom til å gjøre. Vi går mykje i ulendt terreng, og han er glad i å klatre i trær - så han har ein god balanse når han er på beina i alle fall :) På laurdagen øvde vi i 20 minutter, og på søndag øvde vi i 10 minutter før vi slapp lenger enn 5 meter - og der susa han av gårde! "DU KLARER DET!!!!!!" Storebror gliste frå øyre til øyre og var så stolt at han nesten flaug til værs! Han sykla rundt og rundt aleine heilt til han vart både andpusten og varm! Eg jogga ved sidan av han ei stund, men han hadde tilsynelatande full kontroll.

No vil han på sykkeltur kvar ettermiddag - sykkelfantomet vårt!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...