onsdag 25. juni 2014

Løvstakken og Strutsefarmen

I dag var eg så heldig at eg fikk bytte ut mesteparten av arbeidsdagen med tur i skog og fjell! Ein av mange sommaravslutningar vart tatt med lunch på toppen av Ulriken (sjølvsagt etter at vi hadde gått opp), og med tur over Vidden etterpå. Vidden i Bergen er den rundt 13 km lange turen i fjellandskap som ligger mellom Ulriken og Fløyen. I tillegg kjem turen opp på eit av fjellene, og turen ned frå det andre - men her kan ein "jukse" å ta bane på begge fjellene. Vi skal prøve å gå Vidden med storebror i sommar, og da kjem vi til å ta Ulriksbanen opp og Fløybanen ned. Uansett - ein magisk tur med flotte kolleger i KNALLVÆR i dag! 

Eg har ingen Viddenbileter å vise, så eg viser heller bileter frå ein tur vi hadde i mai opp på Løvstakken (477 moh). 
Nistemat undervegs er viktig som motivasjon! Vi har alltid med ein liten nisteboks med rosiner og tørr frukostblanding som cheerios, jordbærputer eller minifras. På veg opp på Løvstakken hadde vi to slike pauser med mat.
Det er så flott utsikt over byn frå Løvstakken! Denne dagen var det flott vær (som alltid kan vi nesten seie!), men litt kald vind på toppen. Vi fann ein krok mellom nokre store steinar på toppen der det var lunt å spise lunch. Likevel fikk vi veldig lyst på varm kakao der oppe! :)
Lillesøster tar seg ein kvil på vegen ned. Her ser ho mot Fyllingsdalen. Vi brukar ikkje å ha pauser på nedvegen, "beina liksom berre går av seg sjølv" som storebror seier. Men lillesøster var litt sliten denne dagen. Også er ho så søt når ho sitter å ser på utsikta heilt stille.
Direkte frå Løvstakken køyrte vi innom Strutsefarmen som ligger i Fyllingsdalen. Her fikk vi kose med små koppelam, og ikkje mist helse på desse rare fuglane:
Hjelpes! De er kjempestore! Vi vart så fascinerte og imponerte og litt uvel av å sjå på desse snåle skapningane! Underteiknande har faktisk spist struts. Nåvel. Sjokolade er betre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...