I vår har eg lest fleire memoarer etter krig. Det begynte med Den blå døren som eg umiddelbart lånte vekk til ein kollega etter at eg hadde lest den. Så las eg Night, ei bok som henger ved meg framleis. Til slutt las eg Jeg overlevde Treblinka - nok ei hjerteskjærande skjebne som eg ikkje gløymer.
Det er eigentlig vanskelig å finne ord for å beskrive slike bøker. Ein bør lese de - det bør ein absolutt, for av alle ting vi vel å bruke tida vår på er dette noko ein lærer noko viktig av.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!