Så i dag kledde han på seg fin skjorte, vest og raudt slips og vart med på jobb. Han hadde pakka sekk med spel, leikar og bamsar - og smurt sin eigen frukostmatpakke. Sett vekk frå racerbilløpet han hadde nedover korridorane der eg jobbar var det heilt uproblematisk å ha med seg ein kamerat på jobb. Til lunch køyrte vi til mannen som har lunchbuffet kvar dag. Resten av arbeidsdagen var storebror der, og det ryktas om både kakao og kjeks. Det er kjekt å vere på jobb!
Storebror er med meg på ettermiddagsjobb titt og ofte. Her blir han intervjua i etterkant av eit arrangement eg var ansvarleg for. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!