tirsdag 31. mars 2015

Skitur

Etter at vi hadde testa ut ungane sitt skitolmod i nærleiken av hus og heim var vi klare for steg to: kjøpe eigne ski! Vi brukte bursdagspengar på ski til oss, også var det berre å hive seg i bilen og komme seg til eit fjell med snø og løyper for langrenn. Vi har vore på Gullbotn ein gong tidlegare, og viste at det var gode løyper der.
Da vi kom var det snøvær, men pent.no hadde lovd betre vær utover førmiddagen. Vi tok på oss ski for første gong sidan 2007, men det var som å sykle; vi kom fort inni det igjen. Og det var jo så GØY!
Eg og storebror susa avgårde, han er skikkelig god! Mannen (med tålmod) og lillesøster kom etter oss, ikkje så langt bak. Lillesøster gjekk så fint, ho datt og reiste seg igjen og igjen. Det ser ut som om ho heldigvis har arva litt av tolmodet til faren; phuuu!
Etter nesten fullført runde kom vi til ein bakke der ein kunne ake. Vi hadde med rumpeakebrett. Der åt vi lunch og drakk kakao, og tok oss ei lang pause heilt til sola forsvant igjen.
Eg måtte jo ta det klassiske biletet. No som vi har skaffa oss flotte ski og greier!
Også appelsinskrellebilete da! Eg gir meg ende over i haugen av skikkelig klassiske påskeskibilete, medan sanninga er at vi I DAG er på Tropicana på Pets Hotel på Gol og latar som vi er i varme strøk. Ja sånn kan det gå!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...