mandag 31. august 2015

Viggohytten og Gravdalsfjellet

I går tok vi oss ein skikkelig søndagstur i varierande vær. Vi hadde med oss tanta til mannen som er lokalkjent i eit område der vi aldri har vore før.
Vi gjekk frå Fyllingsdalen og opp innom Laksevåghytten der vi var heldige å finne nysteikte vaflar og ei varm stue for litt regnvåte ungar. Vi var litt usikre på været den første delen av turen, men det skein snart opp - og stort sett var det fint vær! Da vi hadde komt opp på branntomta der Viggohytten ein gong stod var det blå himmel og sol! Fantastisk utsikt frå dette punktet, både over Fyllingsdalen, Laksevåg og rett vest over Sotra og mot havet. Ein litt ny vinkel for oss!
Vi hadde pakka med oss god lunchmat i sekken. Her ligger lillesøster og kviler medan vi venter på mannen og storebror. Desse to turungane våre blir sure når de ikkje går først, og med to så er stort sett den eine sur. Vi klarer å trikse det til innimellom, å få humøret opp igjen, men dette er årets mønster. Dessverre!
Ved branntomta åt vi medbrakt tomatsuppe, brødskiver og blåbær som mannen hadde plukka på veg opp. Sola steika medan vi var her, og det var veldig varmt og fint! Vidare gjekk turen opp til Gravdalsfjellet (351 moh). Da skulle storebror gå først, men etter litt sutring kom humøret til lillesøster seg, og vi to danna baktropp på veg opp.
Også der oppe var utsikta upåklagleg! Vi gjekk ein god runde ned forbi Damsgårdsfjellet og ned til bilen. GPS'en min rota, så eg fikk ikkje korrekt lengde, men det var ein 3-timerstur, så eg trur vi gjekk 5-6 km. På veg ned frå fjellet gjekk eg, lillesøster og tante Vegvisar først, og mannen og storebror plukka blåbær til den store gullmedalje!
Vel heime fann vi fram ei muffinsoppskrift. Storebror har snakka om at han vil lage muffins aleine, med meg på kjøkkenet, men aleine. Så han las oppskrift og fant fram det han trengte. Målte opp og stod i! Lillesøster fikk røre litt, og ha i ei teskei med bakepulver :) Vi pimpa de litt opp med nyplukka blåbær. Etterpå rydda de opp også kunne vi nyte deilige blåbærmuffins i sofaen med Doctor McStuffins på film.
Og slik går ein heil dag! Denne veka er det meldt fint vær, så eg håpar vi får oss i alle fall ein fjelltur til! I dag er det foreldremøte på skulen, så begge ungane skal vere med venner heim frå barnehage og skule. Det betyr at eg og mannen spiser italiensk til middag ein stad der vi ikkje trenger å verken lage maten eller rydde opp etterpå. Måndagsluksus!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...