tirsdag 1. september 2015

Leve posthornet!

"Leve posthornet!" av Vigdis Hjorth raska eg med meg frå eit salgsbord ein gong i vår. Den verka litt suspekt når eg las bakpå, så eg var ikkje heilt klar over kva eg skulle forvente meg. For meg er Hjorth ei einaste bok, sjølvsagt nydlege "Jørgen + Anne er sant" som var ein av yndlingsbøkene mine da eg var ungdom. Den har eg faktisk kjøpt som voksen og lest ein gong til - framleis like episk; i alle fall da Anne klipper av fletta til den andre jenta - joho!
Uansett - dette var første gong eg skulle lese ei voksenbok av Hjorth. Og DET gjorde eg rett i! Eg las denne på nokre få dagar no i august etter at kvardagen hadde tatt grep igjen, og eg kjente meg litt igjen i ein mild versjon av meiningslausheta som hovedpersonen tydlegvis sliter med. Korleis det var å vere den eine som skulle leie eit seminar, men som kjenner at dette er absolutt ikkje ein stad ein har noko å gjøre akkurat no - alle som har ein jobb kan kanskje kjenne igjen at innimellom er det slik. Det var så flott formulert; så vagt måla. Slik det innimellom kan vere. Ho er så langt nede! Men så blir det betre altså, på ein rar og fin måte.

Dette var ei kjempeflott bok! Litt katharsis eigentlig! Eg skal utan tvil lese meir av Hjorth! Tommel opp!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...