mandag 28. september 2015

Familiedag i Stoltzen


Både i fjor og året før har eg hatt lyst å ha med familien på familiedag i Stoltzen, familiearrangementet i etterkant av Stoltzen Opp - eit knalltøft motbakkeløp i Bergen. I år fikk eg omsider tatt det med i planane, og når til og med bilen starta på morgonen var det no way back!

Og for eit fantastisk arrangement! Flotte deltakarskjorter, masse musikk oppover heile trappa, gøye postar som tok oss vidare bort mot Skreddardalen, og spanande speideraktiviteter undervegs!
                           

Dette er nok det beste familiearrangementet av denne typen eg har vore med på! Vi gleder oss alt til neste års arrangement! Med så mykje liv og røre i trappa gjekk vegen opp som ein leik. Vi hadde, klok av skade, avtalt kven som skulle gå først og sist i trappa slik at vi unngjekk sure unger. Det hjalp også på at det var musikk og fult av andre barn - det vart liksom ikkje tid til å bli sur fordi ein måtte gå sist!
Vel oppe satte vi oss ved Sandvikspilen og såg utover tåkehavet som låg over byen. Klokka var kun 11:30, og tåka letta ikkje før vi hadde gått innover.
Vi luncha og fikk innimellom sjå glimt av Lyderhorn, Askøy eller Løvstakken. Veldig fasinerande, men særleg storebror synas det var dumt at den fine utsikta ikkje var der.
Ved Storevatnet solgte de ekte speiderkaffe, heimelagde kaker og vaffler. Pølser og saft. Ungane fikk kvart sitt kakestykke - storebror har oppdaga Brownies - du må tru det var stas! Også midt på fjellet da!
Og så flott vær som det var! Solglimt, rundt 15 grader og vindstille! Så flott! Vi hadde ikkje planlagt kven som skulle gå først etter trappene, så i redsel for at storebror skulle komme seg forbi, endte lillesøster opp med å tryne skikkelig heile tre gongar! Neste gong MÅ vi hugse å pakke med plaster! Mannen brukte ein del tid på å informere storebror om fordelane ved å gå bakerst. Det gjekk rett heim, så faktisk fikk lillesøster gå nesten heile vegen tilbake til bilen FREMST, og storebror var happy bakerst. Alt vi skal bruke tid på!
Eg nyter alle slike finværsturar som om det er den siste i år, noko som i september har vore veldig mange gongar med det knallværet vi har hatt! Etter den flotte turen vår i går håpar eg at det blir fleire slike i haust! Etter den søndagen var det skikkelig kjipt å vokne til måndag i dag! Eigentlig vil eg ha fint vær og vere på fjelltur med fine folk kvar dag! Mellom anna! ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...