tirsdag 8. desember 2015

Lillesøsterfortrinn


Noko av det som er flott med å ikkje vere førstefødt er at ein får med seg ein del av livets goder FØR ein vanlegvis hadde fått lov - fordi ein er med de eldre søskena. For ikkje berre får ein meir avslappa foreldre og ein alt (forhåpentligvis) velrutinert småbarnslivkvardag der ein berre faller på plass som ein naturleg brikke i eit velsmurt maskineri (igjen - forhåpentligvis) - ein har nokon som trakker vegen opp for seg; og det er berre å rusle i veg.
Det lønner seg å ha ein storebror! I halvanna år har lillesøster fått med seg lekser ved kjøkkenbordet. Det er ikkje alltid ho er der lenger, men det første året satt ho saman med oss nesten kvar dag. Ho jobba med eigne ting, men ho såg på og fulgte med på det som vart gjort og sagt. Eg kan ikkje skjønne anna enn at det er derfor ho har lært seg å lese. Av seg sjølv verkar det som - for, ja, vi har jobba med skriving saman med ho, men ikkje med lesing. I alle fall ikkje målretta.

Plutseleg kjem det frå den lille søsteren "Her står det "poesi"!" For det var nettopp det orden ho las høgt for meg først og som fikk meg til å skjønne at ho rett og slett har lært seg å lese. Poesi er ikkje eit ord vi bruker i daglegtalen heime, men eg hadde ei bok der det stod "poesi" på - og der las ho det. No leser ho barnebøker med store bokstaver ("jeg kan ikke helt de små bokstavene enda") og Donald Junior-bladene som vi eigentlig abonnerar på for storebror, men han har begynt å lese vanlege Donaldblad med små bokstaver. Det er så kjekt - ho er så flink! Og ho er så stolt!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...