tirsdag 27. september 2016

Uflaksmåndag

Det var i utgangspunktet ein god dag, men noko skjedde rundt middagstid - også tok den seg ikkje opp igjen.

Lillesøster og meg bestemte oss for å sykle til danseskulen sjølv om det striregna ute, så vi kledde på oss fult regntøy og trilla ut på vegen. Lillesøster sykla foran meg og da såg eg at sykkelhjulet hennes var flatt. Ho hadde i utgangspunktet ikkje vore så happy med all påkledningen, men hadde latt seg overtale sidan det betydde sykkeltur. No måtte vi trille syklane heim igjen og ta bilen. Uflaks.

Medan ho var på dans spaserte eg heim igjen. Eg hadde tenkt å sykle meg ein tur, eller evt jogge - men med regntøy og ingen sykkel vart det gåtur. Det var nesten sol og i alle fall ingen regn, så heime skifta eg av meg de store støvlane og tok på joggesko. Da eg gjekk ut igjen begynte det å regne skikkelig masse og eg var blaut før eg hadde gått opp bakken. Uflaks.
Etter ti minutter med styrtregn slutta det og eg fikk ta eit bilete som vart
svart/kvitt fordi det var slik verden såg ut akkurat da. Flaks.
Vel heime etter dans henta eg posten og kjente at det måtte vere siste gong eg henta den i verdens styggaste postkasse. Seriøst - vi har den verste postkassa i historien! Den er stor nok - ja, men den er full av gaffatape gone bad, sprittusj og rust. Den styggaste postkassa på stativet! Da mannen kom heim var klokka nesten 8 på kvelden, men eg satte meg i bilen likevel og køyrte til butikken for å kjøpe ny postkasse. Og nye regnklær til storebror som på ein eller anna måte har klart å miste sitt. Etter lang tid på butikken for å finne rett postkasse oppdaga eg i kassa at eg ikkje hadde tatt med meg penger. Uflaks.
Utsikt mot Sotra kl.17:30 i går
Eg køyrte heim igjen og henta lommeboka og køyrte tilbake og betalte. Mannen i kassa hadde alt pakka tingene mine i pose (flaks) og forsikra meg om at eg ikkje var den første som kom utan lommebok denne dagen. Etter ein tur innom ein anna butikk for å kjøpe regntøy kom eg heim litt seinare enn eg set pris på. Eg viste mannen postkassa, og når vi prøvde å opne den viste det seg at den opna seg nedover, noko som ikkje går ann med vår plassering på postkassestativet, og derfor må den leverast tilbake. Uflaks.

På det tidspunktet tok eg meg ei gulrot og sa takk for meg.

Dagen i dag er så langt upåklagleg. Mann og barn skal dessutan på familiedag på Brann Stadion i dag, så eg skal spise middag aleine medan eg ser film på TV og hauststormen hyler rundt hushjørnet. Det er luksus! Flaks!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...