fredag 25. november 2016

Utfordring: Småvatet rundt

Saman med yogakurset eg går på i haust får vi kvar veke ei utfordring. Ei av vekene var utfordringa "gjør noko som skremmer deg". Derfor prioriterte eg tur på ukjent sti.
Frost der det er skugge, varme haustfargar der det er sol, og Lyderhorn med snø på i bakgrunnen.
Frossen sølepytt
Eg liker ikkje å gå stader der eg ikkje er kjent. Eg liker ikkje å ikkje vite kvar eg er iløypa. Det går greit om det er folk der eller om det er tydleg merking, men ikkje om det er vanskelig å finne sti. Eg har ikkje retningssans, så om eg går meg vill er eg meir eller mindre dødsdømt ( i alle fall i hovudet mitt). Eg hadde lest om turen Småvatnet rundt og hadde veldig lyst å prøve den. I følge boka ville turen ta to timar.
Eg parkerte ved Alvøen Idrettspark og gjekk til Gullaksdalen (morgonstemning der på biletet over). Denne vegen kjenner eg godt. Da eg kom dit vart eg skikkelig nervøs, og plutselig var valgene eg gjorde heime heilt bak mål. Sidan det stod 2 timar i turskildringa hadde eg kun tatt med meg te og sitteunderlag. Tenk om eg gjekk meg vill i skogen da? Korleis skulle eg overleve?? Det var minus 7 grader, såp eg kom jo til å dø ganske fort! Eller, faktisk, eg hadde på meg masse klær - så eg valgte å ta sjansen og gjennomføre planen min. Det var tidleg på dagen og eg var tilsynelatande heilt aleine.
Så lenge eg såg spor av mennesker følte eg meg trygg. Men mykje av stien var vanskelig å finne, og ein stad gjekk den tett opptil eit stup rett ut i vatnet, og det var ganske så glatt. Men det gjekk fint (hahaha, eg var heilt dramaqueen!). Eg hadde trøysta meg med at eg skulle gå rundt eit vatn, så det skulle vere mogleg å gjennomføre sjølv om eg mista stien.
På skuggesida av vatnet var det nyleg frost overalt - så vakkert!
Etter rundt halv tur satte eg meg ned ned og drakk litt te. Mest fordi eg hadde pakka den med meg.
No kom eg innpå ein skogsveg, og her var det andre folk også. Det var jo veldig fint å gå heilt aleine i skogen, så -ja- kanskje eg tørr det ein anna gong også? Her tok eg meg nok ei tepause, i sola denne gongen, medan frostrøyken seig over vatnet.
Nydleg utsikt over Småvatnen til Lyderhorn! Det var vindstille og herleg, og eg var ganske så fornøyd med at eg fortsatt var i live! Eg brukte halvanna time på turen, så det gjekk sjølvsagt heilt fint utan mat (!). Neste gong tar eg med mann og barn. No som eg er lommekjent liksom ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...