torsdag 24. november 2016

Knuste adventsdraumar

Det er snart første søndag i advent - ein søndag vi har snakka masse om og gleda oss til! Jul er favoritthøgtida til storebror og noko han gler seg til og snakkar om året rundt. No som vi nærmar oss er det fint å markere det heime med litt adventspynt og lys. På nille fant eg desse fine lysene som eg ville ha som adventslys i år. Vi har to ulike stakar som eg er lei av, så eg hadde planlagt eit lysfat - noko enkelt og reint.
I påvente av den første adventshelga hadde eg satt desse på stua. I går medan eg satt saman med lillesøster på kjøkkenet for å hjelpe ho med leksene kom storebror inn med tårer i augene.

"Er det sant det jeg tror jeg ser? Har du kjøpt HVITE lys til advent?"
"Ja...."
"Åneheheheheiiiii (tårene trilla). Det er jo det verste som kan skje! Hva tror du da?! At HVITT er adventsfarge?"
"Eg tenkte det var fint?"
"Nei, det er lilla som er adventsfarge mamma!"

Han snudde på hælen og gjekk inn igjen i stua. Ikkje lenge etterpå høyrte eg hulking, og da skjønte eg at ein samtale måtte til, og at den samtalen måtte ende opp i at eg sa at eg skulle bytte de til nokon lilla. Så det har eg gjort i dag. No er adventsfreden på plass igjen. Også får eg heller vente med å vere enkel og rein og kanskje litt utradisjonell.

Forresten - kun ein månad til julafta i dag :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...