lørdag 25. februar 2017

Noko i Fanastrikk

I ei eske i klesskapet mitt har eg garn, strikkepinnar, nokon strikkeoppskrifter og enkelte uferdige prosjekter. Dette prosjektet; eit putetrekk i Fanastrikk etter oppskrift frå Nøstebarna, har blitt tatt fram og lagt tilbake fleire gongar. Ei ekte restestrikkopplegg med dobbel tråd - berre for å bruke den opp!
I begynnelsen var den brun og kvit. Eg kan ikkje hugse at eg har strikka det, så dette er gammalt! Kanskje 3 år. Minst 3 år! Etterkvart vart den grå og kvit, og det var den da eg plukka den fram igjen no.
Skal vi kose?
Eg måtte kjøpe nytt garn. Både kvitt og grått, slik at det vart ferdig. Undervegs lurte eg på om eg skulle la den bli ein genser. Men sidan den er i dobbel tråd ville den bli for tung. Så lurte eg på om den skulle bli sitteunderlag. Men sidan eg har så masse restegarn i den veit eg ikkje kva for tråd det er, og da ville den kanskje ikkje bli skikkelig tova slik eg ville.
Eg kan i alle fall sitte her. Oppå deg.
Den fikk bli til pute. Sjølv om oppskrifta ville ha inn rosene også, lot eg den vere som den var. Stripete heile vegen.
Noko skjedde med den første grå stripa. Der er den litt skrukkete. Kanskje det var ein rar rest? Kven veit. Eg brukte ei gammal silkepute inni og sydde den godt fast. Like etterpå kom storebror og lurte på kor yndlingsputa hans var? Åja! Så det var den det ja? Det var nytt både for meg og mannen. Storebror var ikkje happy. Men eg synas det var fint med strikkapute i sofaen! Betre enn gulna liksomsilke!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...