lørdag 4. mars 2017

Eit avslutta kapittel

Sidan eg var gravid med lillesøster vinteren 2010, har eg og mannen hatt kvart vårt mediemeter.
Mediemeter er frå TNS Gallup, og det registrerte alt vi såg på TV og høyrte på radio. Slik får de informasjon om kor mange som ser på eit program, eller høyrer på radio på eit gitt tidspunkt. Vi var da representative for ein viss andel mennesker med samme utdanning og livssituasjon. I nesten 7 år har vi hatt denne med oss! Mannen har alltid hatt den med i bukselomma, eg har hatt den i veska. Den må ha bevegelse ellers slutter den å virke. Vi kan altså ikkje la den ligge heime med TV på ein heil dag, da vil den slå seg av. For kvart minutt den var aktiv fikk vi poeng som vi igjen kunne bruke i nettbutikk. I nettbutikken kunne vi velgje mellom det meste, og alt var veldig bra - og ting vi trengte. Vi har kjøpt Nespressomaskina vår der, kinobilletter, sengesett, bestikk, glass, te, barbermaskin - for nevne noko. I februar sa vi opp avtalen, og sendte de inn. Ein heil månad etter er det framleis rart å ikkje ha den med på jobb. "Mobil, lommebok og..... ja, det var det"
Vi har ikkje kjøpt noko på lenge, så vi har ein veldig fin sum å handle for som vi snart må benytte oss av. Det var veldig fint å vere med. Og det er veldig fint å vere ferdig.

Det som hadde vore interessant etter ei så lang periode er jo om vi fikk vite kor mykje vi såg på TV, og om TV-vanane våre har endra seg. Akkurat det siste veit eg jo. Og det første - ja, det er kanskje like greit å ikkje vite kva det timetallet er!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...