søndag 5. mars 2017

Istur

Eg går så mange turar, og nesten kvar gong tenkjer eg at "i dag skal eg ikkje ta nokon bileter. Alle bileter er jo alt tatt - det er det samme!" Men så kjem eg ut på tur, også er det berre så fint!
Blå himmel og eit fly som kanskje har med seg feriepassasjerer - ÅH, kor misunnleg eg er!
På veg mot Gullaksdalen i Alvøskogen.Varmt og grønt i sola, is i skuggen.

Denne turen var midt i ei iskald periode vi hadde i Bergen i februar. Det var mange som gjekk på skøyter på isen desse dagane, vi turde ikkje, men såg med lengsel på de som gjorde det!
Ved Gullaksdalen var det tjukk is, og med sola som varma den opp var det eit fantastisk skue å sitte der! Rundt meg på alle kantar knakte det og sprakk det i isen. Det var som å sitte midt i ein lydinstallasjon, det var fantastisk! På eit tidspunkt knakk det så høgt eit stykke unna at det vart ekko. Da kvapp eg altså! Eg var jo trygt på land, men lydane var mektige og skremmande! Eg satt her så lenge som eg klarte før rumpa var iskald og eg måtte opp og bevege meg igjen. Vinteren altså! Ikkje berre dårleg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...