fredag 19. mai 2017

Konkurranse opp Lyderhorn

Med sol frå knallblå himmel starta eg på vegen opp mot toppen av Lyderhorn, 396moh, frå Kjøkkelvik. Veldig snart såg eg ei dame starte på samme vegen rett bak meg. Og da var det gjort. Ho skulle IKKJE komme opp før meg!
Snegleperspektiv.
Slik slo eg meir eller mindre min eigen rekord opp, men med 0 i stil. Eg var så sliten da eg kom opp at eg skalv over heile meg. Det var også kraftige mengder bjørkepollen i lufta, og lungene mine peip. Men opp skulle eg! Dama i kvitt kom opp eit heilt minutt bak meg. Synd at eg var for sliten til å klare å nyte seieren!
Flate rett ut!
Jada, neida, så det var jo heilt unødvendig. Konkurranseinstinktet mitt er overaktivt. Men med knalltid var eg likevel fornøyd, eg vart i alle fall det når pulsen roa seg noko. Eg brukte heile 6 minutter mindre enn eg gjorde samme veg 8 dager før. Det er ikkje normal progresjon.
Utsikt mot Laksevåg og Bergenhus.
Ned igjen er eg alltid sein, men det var ingen andre som gjekk ned samme veg som meg, så eg slapp ikkje forbi nokon heller. Haha, for ein tur! Det var godt når det var over! Og det er alltid fint på veg ned.
Utsikt nedover eggen mot Kvarven med Askøy på venstre hand.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...