tirsdag 23. januar 2018

Nytt utstyr

Etter 51 fjellturar i 2017 oppdaga eg etter vask at turbuksa mi hadde rakna midt bak i saumen. Den har aldri vore spesielt trang, så det var nok meir timane med sittande pause i kombinasjon med at eg innimellom må sette meg ned på veg ned frå bratte fjellsider. Buksa kjøpte eg i 2009 - så den hadde vore med på fleire enn 51 turar, og åresvis med runder i vaskemaskina! Før siste fjelltur kjøpte eg meg ny turbukse. Det var nok sikkert på sin plass på fleire måtar enn ein.
Etter skiturar i romjula oppdaga eg at vinterbuksa mi hadde fått hull på eine låret. Her var det ingen saum, mest sannsynleg har eg komt borti med noko skarpt. Eg har brukt den etterpå også, men no er den ikkje lenger vanntett og fyllet tyter litt ut. Så da måtte eg kjøpe ny vinterbukse. Den eg hadde trur eg er frå 2007. Det er forøvrig jakka som eg bruker på skiturar også, men den er det ikkje hull i enda.
Det er fint å bruke klær til de er ødelagte. Vintertøy (og turbukse) er ikkje billig og det er fint at eg ikkje må kjøpe nytt av noko før minst om 8 år! Det neste som ryker er nok vinterjakka mi - huff, det håper eg er lenge til!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...