torsdag 15. februar 2018

Kvamskogen

I julegåve til mannen booka eg ei nydleg nytte til alle fire på Kvamskogen! Vi skulle eigentlig ei helg tidlegare i januar, og akkurat den helga var det sol på laurdagen. Å, nei - tenk om vi går glipp av denne finværshelga også blir det drittvær den helga vi har bytta til?!
Morgonsol på laurdag.
Eh, nei - det gjekk bra! Det var nesten to meter snø og KNALL SOL frå blå himmel heile helga! Det var planleggingsdag på skulen, så vi kom oss oppover i god tid og var på plass på hytta før kl.15!
To koppar kaffi og to koppar kakao
Vi hadde med oss ski og akebrett - masse mat og sitteunderlag. Men vi trengte jo ikkje det. Ski og sitteunderlag altså.
Med mengder av snø rundt hytta, langt frå nærmaste hyttenabo og sol på verandaen frå kl09:15 til kl.16 trengte vi ingenting anna enn akebrett og varme klær. Vi var ute og rundt hytta både laurdag og søndag frå sola kom til sola gjekk ned. Da var det litt godt komme seg inn. For sjølv om det var sol og den varma litt, var det nesten 10 minusgrader i lufta.

Mannen tok seg nokon skiturar. Eg satt og las innimellom leiking i snøen. Ungane gravde snøhule og aka igjen og igjen! For ei helg!

Etter ein sein lunch i sola på søndagen pakka vi ut og tok på oss skiene vi hadde bært heilt opp til hytta og seila ned til bilen. Hjelpes det var gøy å skli i puddersnø ned frå hytta!
Det går ikkje ann å ha betre vær enn dette! Luksus altså - med så masse snø ei heil helg!! No må vi berre kjøpe oss vår eigen hytte! ;)

2 kommentarer:

  1. Åh! Har du link til hytte??

    SvarSlett
  2. Vi leigde på Airbnb - der har de masse flotte hytter :) Lykke til!

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...