mandag 19. februar 2018

Tripp-trapp-støvoppsamler

Lenge har desse teppeflisene vi har i den glatte trappa vår vore skitne. Det hjalp ikkje lenger å støvsuge de. Vi har hatt de der i snart 8 år, så da var det kanskje på tide å investere i nye. Alt kan ikkje vare evig!
Before
De er festa med tape, og eg satte ungane i gang med å raske de laus. Det fungerte som berre det - og etter få minutter var trappa teppefri!
Tapen måtte nokon stadar tvingast av med kjærleg hand. Det er kanskje ikkje så rart - vi har jo trakka den fast i ei årrekkje!
During.
Slik er trappa heilt naken! Veldig fin, men glatt som fy! Slik var den nokon dagar før vi fikk de nye teppene. Eit minus var at støvet vart synleg veldig tidleg med så glatte overflater!
After
Vi kjøpte grå tepper denne gongen. Mest fordi de lyse var utsolgt, men også fordi forandring fryder. Vi kjøpte frå samme leverandør som sist - vi veit jo at de har god kvalitet! No er eg blitt vandt med den nye fargen, men eg veit ikkje om eg synas at de passa betre enn de lyse. Vi har mykje i grått i stua, men akkurat her er det lyse fargar. Toulouse derimot - han står i stil med gråfargen!

Nye tepper i trappa er mjukare å gå på og fargen gjør at rusk og støv ikkje viser så godt. Det veit eg å sette pris på!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...