torsdag 22. februar 2018

Kong Toulouse

Puste klarte å holde tomta vår klinisk fri frå andre katter. Innimellom såg vi ho som eit olja, kvitt lyn over planen - jagande for å få ein katt vekk frå hennes område. Så hard var poten hennes at det gjekk nesten eit halvt år etter at ho døde før vi la merke til at det var andre kattar i hagen vår.
Toulouse begynte å vere ute i romjula, og han har ein stor jobb foran seg for å ta over retten for hagen. Det er tre andre kattar som jamnleg vandrar der. Men Toulouse har ikkje vore med mammaen sin ut, og er ikkje noko badboy! Han er sosial og det såg lenge ut som om han ikkje skjønna kvifor det ikkje var greit å berre henge rundt kvarandre. Det trur eg han har lært no, og han vil helst vere ute når han ser at det er nokon andre der.
Vi har sett at han jagar og vi har sett at han blir jaga. Så langt har han ikkje hatt nokon skader, og det er vi glade for. Så det er jo  berre å vente på at han tar over territoriet sitt. Kong Toulouse!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...