lørdag 24. februar 2018

Alternativ treningsveke

Sist veke var ei slik treningsveke som eg elsker og som eg håper eg får til oftare! Det gjør eg jo også når berre denne vinteren slepper taket!
Måndag bestod som vanleg av ein times joggetur - denne gongen på dette føret. Det var TUNGT! Og føles heilt idioti å jogge når det er så masse ubrøyta snø! Men ok! På onsdagen var eg på sats og storkosa meg med spinning etter gammalt - åh kor eg elsker spinning! 75 minutter svettefest utan snø? Ja tak!
På fredag gjekk eg kveldstur med ei venninne på Lyderhorn - årets første fjelltur! Sjå kor vakker isen er!
Eg har ikkje gått på Lyderhorn når det har vore så masse snø før, men det var jo berre heilt supert! Sti heile vegen! Det var vindstille og heilt magisk på kvelden!
Vi hadde med oss hodelykter som vi måtte ta ibruk siste delen av turen. Ellers lyste snøen så pass masse opp at det gjekk fint utan lys. Også er det jo kjekt å vandre med ei venninne som (sjølv om vi bur berre eit steinkast unna kvarandre) eg nesten aldri ser.
På søndag skulle speidaren gå på Lyderhorn, og vi er sjølvsagt med! Speidaren stoppa på vegen for å unngå vind og for å ha ein fin stad å brenne bål. Da stakk eg avgårde til topps aleine. Nydleg!
Også var den treningsveka over! Dette var sist veke. Denne veka har eg - kremt - restituert... :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...