søndag 9. desember 2018

Livarden

På eit av de mange skiturane våre til Totland sist vinter såg vi opp mot Livarden og vart enige om at vi skulle komme tilbake dit ein gong det ikkje var snø - og rett og slett stikke oppom! Da det var meldt finvær på ein søndag kom storebror på dette (vi andre var blitt enige om NOK ein tur på Ulriken) og for første gong på så lenge vi kan hugse kom alle seg ut døra på søndags morgon utan ein einaste sur mine!
Vi parkerte på samme stad som når vi går på ski og gjekk i tåka oppover både veg og sti. Det var litt dumt at finværet ikkje slo til. Ikkje såg vi kor fint det sikkert var rundt oss og ikke såg vi korleis vi låg ann med tanke på toppen. Vi møtte på ei dame på veg ned som sa at snart var vi over tåka, og DA ALTSÅ! Ho hadde heilt rett - for eit syn! Tåke overalt under oss! Sol frå skyfri himmel over oss! Og fargar over alt!
Vi hadde framleis langt å gå (heldigvis viste vi ikkje det da), men humøret var på topp heile vegen til Livarden - 683 - det sjette høgaste fjellet i Bergen kommune. Vi kosa oss med god lunch og utsikt mot Ulriken og etterkvart også Løvstakken som stakk opp over skyene.
På veg tilbake gjekk vi med sola midt i kladeisen noko tre av oss elska og ein av oss hata. Nedturen gjekk utan tvil fortare enn oppturen. Til saman gjekk vi ei mil og mange høgdemeter. Litt solvarme i kinnene og med søle langt oppetter fjellbuksene våre køyrte vi direkte på middagsbesøk. Slike søndager er de beste av alle!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...