Årets bidrag til Pepperkakebyen var alt bestemt i fjor! Det hadde lillesøster gløymt, så vi måtte gå nokon runder med ho før ho til slutt aksepterte at avgjørelsen var tatt og at det ikkje var hennes ide. Ho skal derimot bestemme neste års pepperkakebybidrag. Satsar på at ho hugsar det.
Det er altså storebror som har bestemt kva vi skulle lage i år: Avengers-tårnet! Eg veit ikkje kva det er, men det er kult og det ser cirka sånn ut:Som vanleg er det avstiva med mengder av papp - og også sikra med sterk tråd slik at ikkje platformen skal brekke av. Limpistolen er hyppig brukt, og sidan vi fikk litt tidsnaud med å få denne ferdig før de ikkje lenger tok imot byggverk, hadde vi kun melisglasur og ingen snop å pynte med.
I desember tok vi turen for å sjå på alt det fine som var blitt bygd til årets Pepperkakeby, og for å leite etter vårt eige!
Musikkpavaljongen |
Denne søte, lille tekanna! <3 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!