I heile sommar, medan det var for varmt til å bevege seg ute, lengta eg etter vinterjogging som eg vart så glad i sist vinter. No som sesongen nok er ganske over er eg litt skuffa. Det var rett og slett ikke snø lenge nok til at det opplevast som ein skikkelig vinterjoggesesong slik som sist.
Men heilt snøfritt var det ikkje, og eg fikk fleire turar på snø og is med piggsko. Ellers har det blitt mange turar i mørket, i svinnande lys og nokon få i litt regn.
Kulden var eigentlig det eg lengta mest etter, og den har vore her litt og gjort treninga herlig og frisk.
Det er virkelig noko heilt eigent med vinterlys og vinterluft. Men fint med vår også!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!