Vi budde i Harlem. Første dag subwaya vi heile vegen ned til Lower Manhatten. Her fikk vi sjå Freedom Tower og minnesmerkene etter World Trade Center. Vi var her sist i 2006 - da var det framleis stort hol i bakken. No såg det veldig fint ut.
Ein tur forbi, eller som oss, til Frihetsgudinnen er eit must når ein er i New York! Vi valgte å ta dette alt første dag for å etablere for ungane at NO er vi i New York!
Fabelaktige Manhattan Skyline på veg tilbake etter nokon timar på Liberty Island.
Av alle stadene vi var i New York - Times Squere var der det var mest fullpakka! Her var det berre å holde godt i hendene til kvarandre, sjå opp og rundt på alt og prøve å forklare kva nokon av de skrikete menneskene ropte så høgt om.
Utsikt frå Empire State Building.
Nokon timar på Solomon R. Guggenheim Museum. Alle fikk utdelt eigne Iphones og øyretelefonar der ein kunne høyre kuratorar, kunstnarar eller andre snakke om eller diskutere utstillingane.
Timesvis med vandring i Central Park. Vi skulle frå A til B, noko som skulle ta ein halvtime. Vi brukte over 4 timar - vi hadde god tid - det var så masse ulikt å sjå på og oppdage.
Lincoln Center for the Performing Arts. God plass og luft utan bilveg mellom bygningane! Denne delen av byen, Upper West Side, var noko heilt for seg sjølv. Det var nesten litt europeisk storby over området.
Vi bussa sørover til Washington for å besøke venner som bur i nabostaten Virginia.
Washintonmonumentet og Nasjonal Museum of African American History. Vi var på veg til -
National Air and Space Museum. I år er det 50 år sidan månelandinga - den dagen var faktisk medan vi var i USA - så det var litt ekstra stas!
På veg tilbake til bilen - utsikt mot United States Capitol.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!