mandag 19. august 2019

Savannah, Georgia

Etter ei vekes tid i storby og med venner toga vi oss veg sørover den amerikanske austkysten, frå Washington DC, gjennom Virginia, North Carolina og South Carolina - og heilt til Georgia - the Peach State. Her skulle vi være i heile 15 dagar!
Det tok nokre dagar før vi klarte å rive oss vekk frå dette. Huset, hagen og bassenget var heilt fantastisk - og vi havna langt inni ei nydelig feireboble! Det er VARMT her, så vi prøvde å ha noko å gjøre frå lunch og utover nokre timar. Da var det rett og slett ikkje mogleg å være ute. Knapt nok i "heavy shadow" - altså full skygge - ikkje skygge frå trær. De fleste dagane hadde vi ei rytme som denne: frukost, bading, lunch, køyre-ein-stad-og-finne-på-noko-innendørs, middag, bading, kveldsmat, god natt.
Savannah ligger ikkje langt unna Tybee island der de har nydlege strender. Vi hadde to-tre førmiddagar her. Rett i havet med gøye bølger, flotte og store fuglar, og ikkje minst delfinflokkar!
Lillesøster fylte år her, slik ho så ofte gjør når vi er på somarferie! Ho fikk velge seg ei kake frå Walmart. Denne sjokoladekaka var SÅ GOD at vi nesten (men berre nesten) kjøpte ei til.
Vi budde 15 minutter kjøring unna bykjerna. Vi var i sentrum fleire dagar for å oppleve museum, walking tours, ete, handle og vandre. Byen var så liten at vi fint kunne parkere ein stad, også gå dit vi skulle. Her er vi på Riverstreet med solnedgangen rett imot.
Vi åt masse god mat, masse rart, masse godt og det aller meste veldig usunt! Her hadde vi kjøpt med oss Disneywaffles heim som vi åt til kveldsmat med lønnesirup på. Nam!
De vi bytta hus med hadde laga ei liste med forslag til aktiviteter, eller stader som var verdt å besøke. Vi fikk faktisk gjort nesten alt, til tross for værsituasjonen som gjorde utendørsaktiviteter nærmast uaktuelle. Her er vi på veg inn til Wormsloe Historic Site.
I ettertid er det kanskje dette eg saknar mest - masse tid i skyggen med bok (her The Handmaids Tale, originalversjonen frå 1985) og isvatn.
Hagen "vår" var eit kapittel for seg sjølv - med mange palmer. Kven har palmer i hagen liksom? Liker det betre enn nokon av buskene vi har!
Nok eit matbilete. Her er det frukost på IHOP (International House of Pancakes). NAM! When in america...:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...