tirsdag 20. august 2019

Haust alt?

Eg er veldig glad i hausten! Men eg synas at det kom litt brått på no i år. På veldig få dagar, før jetleggen hadde lagt seg, gjekk vi frå 38 varmegrader og for mykje sol til 7 grader og tunge skyer med masse regn. Og det kvar einaste dag. I mange dagar.
Været er skiftande, så vi har også sol kvar einaste dag, men det gjør nesten været meir irriterande enn om det berre skulle regne heile tida. De siste vekene har eg vore så klam som eg trur eg ikkje har vore før. Ut på tur i regnvær - altså fullt regnutstyr - også skinner sola igjen. Også styrtregn også sol, også må ein tørke klærene både inni og utenpå når ein kjem heim.
Likevel altså - er det nokon ting som er verdt å merke seg!

1.Det er framleis ganske mildt. Vi sover med opent vindauge og vaknar i frisk luft kvar morgon!
2. Lyden av regn på vindauget når eg sitter på jobb. Også her har eg opent vindauge og lyden er balsam for meg!
3. Te! Og blåbæsupppe som eg hamstra inn da vi var i Sverige i påska.
4. Eg vel å vite at det kjem fleire sommardagar. Enda har vi ikkje sove ute i år, og det må vi klare før nattetemperaturane synker for mykje.
5. I går kveld laga eg grove vafler til kveldsmat. Lillesøster dekka bord og pynta med lys og blomster. Levande lys er så koselig
6. Toulouse er veldig fin når han kjem inn og ser ut som ei drukna kråke.
7. Det er litt ekstra bad-ass å gå på fjellet i styrtregn (også sol også hagl også sol). Det hjelper også på at ein blir skikkelig groskitten oppetter beina av gjørma som spruter. Det er gøy!
8. Fossen på andre sida av dalen vår kjem ekstra godt fram når det regnar masse. Det fikk ein kamerat til å utbryte "Wow! Har de utsikt rett mot ein foss? Det er kult!" da han skulle gå heim. Eg har ikkje heilt tenkt at det er så spesielt, men det er det kanskje? Det kan det godt være, så no har eg sett ekstra godt på den om morgonen når eg går ut døra heime. Medan det enda er lys så eg kan sjå så langt.
9. Fritidsaktivitetene er enda ikkje i gang. Det er ok for oss over 11 år, men vi har to heime som gled seg VELDIG til å begynne! Og det å glede seg er gøy!
10. Før alle er tilbake på jobb er det enkelt å kjenne at ein er på oppsida av arbeidsoppgåvene sine. Og det som kjem ut når ein har overskot og tid held eit høgare nivå - det elsker eg!
Nye sko måtte kjøpast inn etter at de eg har levd i, og bytta hæl på sidan eg likte de så godt, over sommaren har begynt å gnage skikkelig. Eg gjekk på ein skobutikk og sa noko som dette "Eg hater å kjøpe sko. Eg trenger eit par som kjem til å vare leeeenge, som er fine til bukse og skjørt, gode nok til å gå mellom møter i, uten veldig høg hæl og som tåler at det ikkje alltid er sol." Dama i butikken gav meg eit par som var alt dette, eg slapp å prøve nokon andre for de passa så bra! Få hjelp i butikker kan være ganske så fint!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...