Siden vi skulle fly heim frå Orlando forlot vi det fantastiske huset i Savannah nokon dager før flyet skulle ta oss heim for å presse inn ein fornøyelsespark heilt på tampen av sommarferien vår. Eg hadde vore megaheldig og fått gitt-vekk-pris på eit nydeleg luksushotell i gåavstand til Universal Studios. Her er det frukost på senga i 14.etasje med utsikt mot Orlando.
Vi hadde to netter her.
Vi hadde kjøpt dagspass til Universal. Vi var der frå parken opna kl.10 til den stengte etter fonteneshowet i 22-tida på kvelden.
 |
Inngangsområdet |
 |
Flotte "kulisser" overalt! |
 |
Diagonalalmenningen. |
 |
San Fransisco. |
 |
New York. |
 |
Det begynner å mørkne. |
Dagen var full av opplevelser, kø og varme! Neste dag skulle vi reise heim til Bergen, men det var først på kvelden. Derfor fikk vi tid til å nye nokon førmiddagstimar i bassenget. Der fikk eg omsider tatt bilete av ein slik liten ein, som vi hadde sett mange av, både inne og ute:
Bassenget var deilig og ein perfekt avslutting på USA-eventyret vårt. Etter nesten ein månad på tur var vi klare for å komme heim alle fire! Ferien var så full av ulike ting at vi føler at vi har vore på fleire feriar i ein! Eg held på å lage fotobok, og det blir nesten 300 bileter - og då har eg kutta mykje! For ein ferie!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!