torsdag 5. desember 2019

Novemberglamour

November var laaaang og innholdsrik! Her er noko av det som opptok kropp og hovud :)
Turer i skogen med lav sol! Dette er kun i helgene, men vi har vore så heldig med nydleg, kaldt og klart vintervær i nesten heile november! Det har fleire satt pris på! Også er det varme i sola - det er jo det!

Blåbærene frå butikken er så store! Eg har ofte ein boks ståande på kontoret for å ha noko å snackse på.
Haustsemesterets einaste tur til Oslo. Sidan eg flaug bort dagen før konferansen hadde eg tid til å møte ei venninne på drinker på Andre til høyre. Det var ein perfekt kveld på ein veldig kul stad samman med ein av mine favorittpersonar!
Spasertur fra Grunerløkka til Sentralen. Her litt av Akerselva. Eg skulle virkelig få mest mogleg utav turen min, så på kvelden hadde eg kjøpt meg billetter til Anna Karenina på Den norske opera & ballett! Her i måneskinn. Etterpå tok eg nattoget tilbake til Bergen og gjekk rett på jobb.



For ein opplevelse! No siklar eg på programmet titt og ofte, gjett om eg skal tilbake!

Søndagstur til speiderleirstad i vinterlandskap.


Lillesøster og eg hadde ein kveldstur opp på Lyderhorn saman med venner (og med lånte hodelykter).
Te, honning og sjokolade frå junaiten. Tenk at vi var der berre for nokre månader sidan!
Låg sol og utstilling på Festplassen i byn. På veg til nok en arbeidsdag med hotellkomfort. I november var heile 8 arbeidsdagar på hotell.
Medalje for et raskt 5 km-løp.
Søppelplukkingtur med tre barn i skumringa.
Joggeturar i skogen i helgene for å kombinere trening, natur og dagslys. Kinderegg!
Fantastisk gatekunst på veg opp på opningsarrangement. Så fint laga i korssting!
Teaterettermiddag på Fyllingsdalen Teater saman med storebror.
Mann og ett barn er med på førmiddagstur på Lyderhorn i finværet.
HURRA! Etter mange år har eg 779 registrerte treningsøkter i appen min, så det er ikkje ofte eg slår noko rekord! Men det gjorde eg altså denne månaden! Kanskje pga godvær, eg veit ikkje, men eg hadde 15 treningsturar i november, totalt 103 km. Og ny fartsrekord på mila. God treningsmånad!
Teatertur for å sjå Peer Gynt DUB. Neste dag var eg tilbake for å sjå lansering av vårprogrammet.
Resteepler frå jobb vart redda og laga om til eplemos.
Here's looking at you kid.
Månaden vart avslutta med 40-årsdag med masse spanande og fine folk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...