tirsdag 10. desember 2019

Rognebærgele

Vi har eit (eller fleire kanskje?) rognebærtre i hagen vår. I år var det så enormt fullt av bær at eg bestemte at vi skulle bruke de til noko. Ripsbuskene våre har for første gong sidan vi flytta inn i 2010 IKKJE hatt nok bær til at vi kunne bruke de til noko anna enn å fryse de ned. Ingen saft og ingen gele. Da går vi for rognebær.
Eg og lillesøster tok for oss det vi nådde på de nederste greinene. Inne brukte vi heile to timar på å rense alt - herreminfred kor kjedelig!
Fint samla i pose og klar for ein tur i frysaren. Det hadde eg lest på nettet, og ein kollega fortalte at det tok noko av bitterheten utav bæra. De hadde god tid på å miste bitterheten, steg to av prosessen kom to månadar seinare.
Klar til koking saman med nokon epler. Eg lot det koke leeeeengeeee.
Ikkje fullt så fint på fargen etter lang koking. No er det klart for å renne gjennom tøy.
Eg klarte å la være å klemme på tøyet - så safta vart heilt klar og fin!
Kanelstang, sukker og koking. Eg hadde ingenting oppi som skulle hjelpe den å bli stiv. Den kokte lenge før eg helte den over på glass:
To glass. Små glass. Og mahahange timar med jobb! Geleen vart stiv og fargen nydelig. Eg smakte litt på geleen som var igjen i panna og den smakte virkelig ikkje godt! Vi har enda ikkje prøvd den til middag, men skal sjølvsagt gjøre det. Eg håper den smaker betre saman med noko. Hvis ikkje er dette prøvd ut og vi kan bevege oss vidare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...