mandag 3. februar 2020

Lang januarmånad og korte dagar


Når Toulouse er midt i vinterpelsen sin er han så fluffete at det ikkje går an å gå forbi han utan å ta på han. Han er eit støkke katt altså! Brei som ei låvedør. Ekstra brei med all den pelsen!
Det er tungt å begynne på'n igjen etter ein lang juleferie. For store og små.
Juletreet fikk stå til litt inn i januar. Det er så koselig. Også blir det så romslig når vi pakka det vekk. Og den romsligheta er fin å vente på.
Levande lys, opent vindauge (fordi det innimellom er ganske så mildt i januar) og ein roleg ettermiddag.
Også nattens konge som brukar store deler av dagen på å hente seg inn igjen. Ingenting er som litt pels på ull.
Turar ut i lyset i helgene er eit must på vinteren! Og alt no kan vi sjå at det blir litt og litt lysare utover ettermiddagen! Det går jo så fort!
Solnedgangsjoggetur før middag. Da veit du at det er vinter!
Vi fikk omsider prøvd Jamie Olivers Italian som har komt til byn. Kjempegod mat og den beste limonaden vi har smakt!
Ballettshow med lillsøster på scena i byens storstue, Grieghallen.
Eg holdt to foredrag i fine historiske lokaler. Både eg og mannen har hatt tøffe arbeidsveker i januar med mykje jobb og kryssande krav - så disse foredragene hadde eg eigentlig ikkje tid til. Men det er jo så gøy!
Spasertur gjennom Nygårdsparken på veg til møte. Det er som å være i ein anna by!
Laurdagskveld med grandis, kakao og spel!
Søndagstur opp Stoltzekleiven og bort til Fløyen. Her fra Trollskogen.
Lillesøster gjorde comeback i musikkorpset. Denne gongen med nytt instrument: trombone!
De nye søylene på Torgallmenningen blir satt opp - og det blir så fint!
Vi var i Grieghallen igjen for å høyre Bergen Filharmoniske Orkester og miljøkonserten Sustain. Dette var ein familieforestilling og ungane hadde levert inn bråkete leiker på førehand. Dessverre såg vi ikkje igjen akkurat de leikene vi hadde levert inn, men konserten var god likevel!
Vi inviterte venner på besøk for å feire at det er 10 år sidan vi flytta inn i huset vårt! Vi serverte pinnekjøtt til middag og appelsinbrownies til dessert. Nam! Tenk at vi har budd her i ti år!
Månaden vart avslutta med kortison og sjukdom. I den rekkefølga.
Mitt i sjukeperioden måtte eg på jobb for å gjennomføre eit prosjekt eg har planlagt i halvanna år. Dagen var veldig vellykka og til tross for laber form satt eg og kjente på viktigheta av tema vi jobba med. Dagen markerte også på mange måtar slutten (eller begynnelsen på slutten) av eit fagfelt eg har jobba med sidan 2017. Det var fint å avslutte på toppen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...