mandag 8. juni 2020

Kom mai du skjønne milde

Det er ikkje mykje stess å finne i denne kroppen som ligger her! Det er ikkje så mykje stress hos oss utan pels heller - aldri har vel ein vanlegvis tettpakka mai vore meir schlæk? Når arbeid og skule er over er det KORT veg heim og eg nyter framleis god tid og ekstratimar kvar einaste dag!
Vi tok oss ein lengre familiesykkeltur heilt til Lyreneset friområde. Der hadde de mellom anna hengt opp fine stolar som ein kunne slappe av eller snurre i. Nydleg utsikt og mykje fint å sjå på. Sjølve sykkelturen var ein liten katastrofe med fleire fall, ein dritsur unge, ei punktering og fleire hjartet-i-halsen-opplevelser enn nokon av oss har godt av. Vi vart enige om at neste sykkeltur skal være i par. 4 saman på hjul klarer vi ikkje så bra.


Eg måtte kaste yndlingstreningsskjorta mi etter at den rett og slett ikkje blir velduftande og rein lenger. Trist - derfor måtte eg ta bilete av den etter siste løpetur (det er godt vi held avstand til kvarandre). Men før den gjekk i bosset vart den brukt til å plukke opp ei død spissmus. Vemodig avskjed og praktisk sans.
Lillesøster gjekk heilt tom for sorterte perler og det er for mykje jobb å sortere de tusenvis av miksa perlene vi har. Kjør på med perlekunst!

8.mai og 17.mai! Hurra, hurra!
Sol, varme og bading!

Konferanse på kjøkkenet medan eg laga middag.
Den spede start på eit heilt hav av agurker!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...