mandag 1. februar 2021

Ekte vinter!


Midt i januar feira vi Valentines Day ganske så for tidleg. Vi var på Panorama Hotel og kosa oss med sprudlings, fyr på "peisen", god mat, boblebad og solsenger med varm og lys "Miami-sun" frå taket. 


Etter ein kald start på januar vart det litt mildare. Noko smelta - til glede for både joggande og svømmande, men det meste vart berre sinnsjukt glatt og livsfarleg!
Heldigvis varte det ikkje mange dagane! Kulda kom tilbake, og denne gongen med snø, så det gjekk betre å bevege seg ute. 
Ein søndag køyrte vi til Hålandsdalen leirskule for å sjekke ut forholda. Her var storebror ei veke i november. Vi hadde sol og snø - og absolutt ingen andre mennesker i nærleika. 


Ikkje så langt unna stod denne stavkyrkja som vi måtte snuse litt på. Den var virkelig vakker! Holdhus kirke vart bygd tidleg på 1700-talet. Denne søndagen var den ekstra flott i vinterlandskap!

Soloppgang sett frå heimekontoret med rosa skyer! Eg har ein stol på verandaen, så når det er godt vær tar eg gjerne med meg ull og teppe ut og tar meg ei pause i sola. Det er så luksus!

Vi skulle lage salat med egg til middag, og sidan eg vart sein med eggkoking la eg de ut i minus 8 grader for å kjølne de ned. Det var det ein fugl som fikk med seg, og ikkje la den seg å ruge på eggene, men den åt av det eine! Makan til frekkhet! Og godt at vi heilt klart kunne sjå kva egg fuglen hadde pirka i! 
Laurdagstur på Lyderhorn med akeretur ned igjen!

Det er tjukk is på vatnet - her på Kiplevatnet der vi målte godt over 20 cm på midten. Vi susa på skøyter gjennom snøen og prøver å ikkje bli livredde (umogleg) når isen knaker under oss.
Storebror slapp å være med på tur, men måtte finne på noko ute. Eg tulla med at han måtte lage 50 snømenn - og det ville han! Her står nokon av de så flotte på rad! Dessverre begynte det å snø like etterpå, og neste dag snødde det heile 20 cm! Så de vart fort usynlege.
Siste søndag i januar gjekk vi på tur saman med ein vennefamilie til Skotnes leirstad på Askøy. Ein sosial Bokfink hang med oss heile tida. Den flaug også gjennom bålet nokre gangar, så eg veit ikkje heilt kva den eigentlig ville. Men den fikk litt pølsebrød og innimellom fastare fotfeste.
Heime hadde eg tatt sukker og kanel på ferdiglaga pizzadeig som vi skar opp og grilla på bålet. Det fungerte fint som dessert - det tok heller ikkje så lang tid før de vart ferdige.
Inni skogen var det nesten ingen snø, men det var høge trær! Og alt var i naturleg svart-kvitt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...