fredag 3. oktober 2014

Takk for no joggesko!

Etter oppfølgingstime hos kiropraktor i går fikk eg endelig grønt lys for å trene FORSIKTIG! (kva no enn det betyr!) Eg har den siste veka sikla etter joggarar og tenkt at eg snart er der ute og joggar eg også.

Men hausten har komt, og det er ikkje kjekt å jogge i sidelengs regn og åtte grader. Og skal eg høyre på kva kroppen seier, så er det ikkje "enda fleire kilometer på asfalt takk".
Det er berre å flikke fram visakortet og ta turen på sats igjen. Med ein pause på 6 månader har eg spart 3000 kr! Nesten at er gått ut igjen til kiropraktor, men ein må jo gje og ta litt. No har eg hatt treningsfri lenge nok! På måndag er det spinning, og vi køyrer på med 75 minutter! Forsiktig trening? I alle fall alternativt og ikkje like belastande for leddene!

Ha ei riktig fin og avslappande helg!

torsdag 2. oktober 2014

Lekser

Vi kan trygt seie at den første "endelig-er-eg-førsteklassing-hurramegrundt"'en er over. Heime har førsteklassingen vår de siste vekene vore svært så lettantennelig og frustrert. De gjør så masse gøy på skulen, så vi veit at han stortrivast, men samtidig er det ein heilt ny kvardag som han no, som det faktisk opplevast som kvardag, må bli vandt med.

De hadde i utgangspunktet lekser to dagar i veka. No er det utvida til leselekse kvar dag, i tillegg til aukt mengde lekser på leksedagane. Denne veka har storebror kjent litt på at han no ikkje lenger har heile ettermiddagen til å gjøre som han vil lenger. Han kranglar ikkje lenge på leksene, og jobbar skikkelig med de når han kjem i gong. Han synas det er greie oppgåver som er "sinnsykt enkle!" Men det er ei lita kneik akkurat no.

Lillesøster derimot jobber flittig med lekser kvar einaste dag! Her har ho jobba i Hello Kitty-boka si:
Ellers kopierar ho navn som vi skriver ned, og er blitt riktig flink å skrive lite og jamnt! På måndag laga storebror lekser til ho, noko som var kjekkare enn å gjøre sine eigne lekser! Og ikkje minst veldig god læring for han også!
Mattelekse tidleg i 1.klasse.
Vi legger inn ein del tid i å få gode leksevaner no, og håpar det er ei investering vi vil nyte av iløpet av de neste 10 åra!

onsdag 1. oktober 2014

Back in business

Er ein sjuk i over ei veke er det nok av trådar å ta fatt på når ein omsider klarer å gjennomføre ein logisk tanke. I dag hadde eg første dag tilbake på kontoret etter halvanna veke vekke. Eg hadde hatt mareritt om 150 viktige mail som skreik imot meg, med det var ikkje heilt så ille! ;)

Bileter frå blåtur med jobben til mannen i sommar. Flotte Bryggen i Bergen!
De to siste dagane har eg vore på konferanse med 250 andre kulturfolk - og det er alltid ein sann glede å treffe så mange flotte og inspirerande menneske! Det er stas å stå i dokø og småprate med leiarane av nokon av de største kunstinstitusjonane vi har i landet, og det er fint å bli røska litt i av nytenkjande foredragshaldarar!


Resten av veka står i oppussing og kveldsmøters teikn. Phuu - det er mykje jobbing som må til om ein skal ha nok timar til å få skikkelig juleferie i år!

Haha - her prøvde eg å lage widescreenbilete, men det gjekk berre halvvegs bra! 

tirsdag 30. september 2014

Vi *hjerte* Torbjørn Egner

Vi leser for ungane kvar kveld - og det siste kanskje halve året har lillesøster ville lest Folk og røvere i Kardemomme By. Vi kan den nesten utanatt alle saman :)

Det er ikkje nok at vi leser eit kapittel kvar kveld. Lillesøster leser i den sjølv også. Og høyrer den på lydbok. Vi kan alle songane, særlig liker lillesøster Frøken tante Sofie sin sinte vise! Vi møtt Sofie i Kardemomme By i sommar, og har eit morsomt bilete av lillesøster som blir holdt i øyrene av den strenge tanta! Kjempegøy!
Og knapt noko er vel søtare enn å høre den lille stemma synge seg igjennom "Åhuffamegåhuffamegjegersåsintsomfy!" med søte talefeil og missforstått tekst!
Tidlegare har vi hatt lange peroioder med Karius og Baktus (særleg med storebror - vi las den kvar kveld da han var rundt to år), og sjølvsagt Dyrene i Hakkebakkeskogen. Ein av mine favorittar frå da eg var barn er Da Per var ku. Den har vi også, men ingen av ungane synas å like den like godt som meg. Men forfattaren - han liker vi alle saman!

fredag 26. september 2014

Hyttetur!

I dag reiser vi innover til Myrkdalen Fjellandsby der firmaet mannen jobbar for har ei leilighet som ein kan låne. Vi var her sist haust også, den gongen med foreldra mine. Denne gongen er vi der med venner med barn.
Vi var faktisk på hyttetur UTAN barn for nokre veker sidan da yngste broren min fylte 30 år. (Her vil eg skrive lillebror, men det blir kanskje litt dumt når han har runda 30?) Da var vi i Bremanger, og sjå kor kjekt det var å komme opp på rommet vi skulle få låne for natta! Snacks er aldri feil! :)
Her går mellom andre eldste broren min (til høgre) med ei gammal postvogn full av grillmat og drikke, vi skulle ned til eit naust som høyrer til hytta/huset for å grille der.
Sjå den nydlege kveldssola! Varmt og godt var det også - i sola vel å merke - ellers var det fint å få låne ei ulljakke av ei svigerinne!
Ut frå naustet.

Hunden til bursdagsbarnet var sjølvsagt med, men var ikkje heilt i partyhumør :) Men veldig fin da!
Her har vi yngste broren min til venstre, mannen i midten og eldste broren min til høgre. Knakandes kjekke karar alle tre! Her bygger de grue som vi kunne grille i.
Sola gjekk ned og det var nydlege fargar på himmelen i vest! Heilt herleg å sitte ute med denne utsikta! Sidan eg skulle springe halvmaraton veka etter drakk eg kun eit glass vin, men det glasset brukte eg god tid på å nyte altså! Maten var for øvrig toppers - vi var så mette at vi var dårlege heile gjengen. Nam!

torsdag 25. september 2014

og slik gjekk dagane

Denne veka har kroppen fortalt hovudet kvar skapet skal stå. I dag måtte eg trosse influensa og trappe opp hos kiropraktor med tårer i augene og minimal rørslefridom. For 550 kr fikk eg kjeft, men også 45 minutter behandling. Og ikkje minst "Nei, det er ikkje rart du har vondt! Eg er sikker på at kroppen er glad du vart sjuk så du måtte ligge litt i ro."
Ingen trening, kiropraktoren sin ordre. Kun småturar. Og slapp av. Bli frisk. Jobber framleis med den siste der. Influensa slepper ikkje taket når den først har satt seg.

mandag 22. september 2014

Heimedag

I dag sitter eg heime med influensa og vondter over alt!
Om ikkje anna ser det ut som om eg får lest ut e-boka mi. Men eg skulle heller ha vore frisk!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...