torsdag 14. april 2016

Vårgarderobe

Annankvart år veks ungane utav alle klæra sine. Og det skjer samtidig sidan det er to år mellom de. H&M har jo størrelser som 4-6 år, 6-8 osv. I alle fall de klæra som ungane bruker no.

Plutselig er det eit jamnt svinn over heile linja. Noko forsvinner i posar til UFF etter at de er vaska, noko lar eg sirkulere litt til, men ser jo at det er jøyvannsbukser og gensere som ender midt oppå underarmen. Samtidig er det godt brukt tøy med flekkar som ikkje går vekk eller tøy som er vaska så mange gonger at det er gjennomsiktig. Fint - da kan vi la det gå!
Ser du trollet?
Derfor har eg den siste veka brukt ei lita formue på nye klær! Det er snakk om ein heil garderobe for to unger, og særleg barnehageungen er skitten når ho kjem heim kvar einaste dag. Da må vi ha litt bukser slik at det alltid er noko reint og tørt! Når det gjelder skuleungen er han overbevist om at sommaren har komt, så han kler av seg genser og sokkar overalt - så i går måtte han ta på seg litt sure sokkar før han gjekk på skulen sidan eg ikkje fann nokon andre. Kvar havnar alt??

Uansett! To av tre pakkar med klær er mottatt (eg bestiller alt på nettet, det er så mykje meir effektivt), innkludert vinterjakker til neste vinter som eg fikk til snill pris, og innesko til skulestart i haust, så i dag skal det vaskast slik at vi snart kan sette det i omløp. Ungane synas det er veldig gøy med nye klær, så da er det jo ekstra kjekt å shoppe til de. Også har det jo blitt litt til meg også, sjølvsagt!

onsdag 13. april 2016

Godt nok for de svina


Eg bruker ikkje å lese slike bøker, slike sjølvbiografiar skrive av mennesker midt i livet. Men det var noko ved denne som trigga meg da den kom ut, og no som eg fant den på Mammutsalget var det berre å slå til!

Det er godt nok - korleis vere jævla god utan å vere flink pike? Altså utan å stå i fare for å brenne ut. Korleis bestemme og vere komfortabel i vissheten om at dette er så lang eg strekker meg, og det er nok. Godt nok. Det er interessant. Også for meg som ikkje er leiar. Det handlar om jobb - ja - men også om ein livsfilosofi. Ingen tjener vel på at eit menneske brenner maks på alle områder heilt til det ikkje lenger er nokon brann. Tørre å prioritere. Våge å gjøre jobben til eit vist punkt, også seie at det var det. No er det bra. Bra nok. Det krever mot. Kunnskap nok til å prioritere rett. Argumentasjonen på plass. Pondusen.

I sterk kontrast står ein av de viktigaste lærarane eg har hatt gleden av å møte. Han sa alltid til oss, de små teaterspirene på dramalinja. "Det er bra. Det er JÆVLA bra. Men det kan alltid bli betre."

Ja, det kan det. Men lær deg å kill your darlings. Lær deg å velge. Knallhardt!

mandag 11. april 2016

Gol stavkyrkje og anna ehm... kultur

I dag er eg ein av de som blir plassert foran ein mengde folk og må - på sittande rumpe - gje gode og velformulerte forklaringar på kvifor ting er som de er, og kva vi vurderer å tenkje på å kanskje lage ein haldingsplan på at vi kan forandre. Alle andre har backa ut, men eg håpar at i alle fall ein til er der oppe saman med meg i dag! Ein ting er i alle fall sikkert - eg begynner å bli god på å svare som ein politikker!
Eg har problemer med å illustrere innlegget med bileter eg sjølv har tatt. Ikkje skal eg prøve på ein "berre vent litt, la meg ta eit bilete av bykk" i dag heller. Så eg pynter opp med finfine bileter frå Gol stavkyrkje i flott vintervær!
Gol stavkyrje er no plassert i ein familiepark like ved Pers Hotell på Gol. Familieparken var stengt, men vi spaserte bort i finværet for å sjå litt. Der såg vi at det var ein open port rett inn, og tre av fire meinte at det da var greit å ta seg ein runde på det sesongstengte ferieanlegget.
Det var nydleg å vere rundt kyrkja, ikkje minst så lukta den så godt! Den fjerdelen som meinte at vi gjorde noko ulovleg (men vart med likevel) vart sittande her i solsteiken så lenge at vi trudde at han hadde forsvunnet. Deilig ro med andre ord!

søndag 10. april 2016

Utsikt frå toget



nokre gonger
vil ein be
heile verda
halde eit minutts
kjeft
Kjersti Wøien Håland



lørdag 9. april 2016

Heimelaga påskesnop

Sidan vi skulle vere heime nokre dagar i påska hadde eg gjort klar ein del aktiviteter - om dagane vart for lange. No viste det seg at de ikkje vart det, men den eine aktiviteten tok eg i eigne hender. Ofte meir effektivt det altså! Etter oppskrift frå Sprudlendesunn lagde eg heimelaga påskesnop!

2.5 dl ferskpressa appelsinjuice
Ein skvis sitron
1 ts honning
4 ss gelatin

Varm sakte opp og rør heilt til gelatinen har smelta inn. Sil blandinga og hell i dertil eigna former. La det stivne i kjøleskapet nokre timar. Eg serverte det som snop til film, og dette vart spist opp før mann og barn gjekk over til det meir tradisjonelle påskesnopet.
Tipp topp tommel opp for heimelaga og veldig sunt påskesnop!!

fredag 8. april 2016

Overnatting!

I dag fyller vi opp huset med to unger til - for i natt er det overnatting! Begge ungane skal ha kvar sin venn på besøk - søsken de også, så alle fire og to og to går like bra! Denne overnattinga har de snakka om i halvanna år, men de gongane vi har prøvd å få det til har det blitt utsatt pga sjukdom. Men no er vi endelig klare for besøk! Ungane har bruke heile veka på å rydde rommet og gjøre klart til overnattingsgjestar. Nøye utvalgte bamser, sengetøy og bøker er lagt fram. Dette blir stas! I kveld skal 8-åringane lage kveldsmat til alle, planen er ostesmørbrød. Finfint med store barn!
I morgon er mannen opptatt, så eg skal ta med meg alle fire på tur. Håper berre de sover godt i natt og at de ikkje bråker for mykje i morgon tidleg! #trøttmammatrengersøvn

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...