onsdag 1. oktober 2025

Septembersprell del 2

Eg fikk ressurser til å leie eit veldig spanande prosjekt på jobb, så vi feira heime med Nobelbobler og skåling!

Vi har fått pus nummer 2, som kjem frå ein heim der han har hatt få reglar. Akkurat da dette biletet vart tatt var vi så lei av å ta han ned frå bord at vi lot han ligge på stuebordet. Men no har eg fått ny driv, og eg tar han ned også derfrå. Eg veit ikkje når eller om det fungerer eigentlig.
Vi er på middag og show med svigerfamilie, og koste oss (delvis) med denne karen. 
Ei helg var det boklansering og bobler - og god tid til å vandre rundt. Å gå i bokhandel med stettglass er noko ein bør gjøre langt oftare. Kjøpte bok gjorde eg også, og la den på toppen av stabelen eg alt hadde henta frå biblioteket. 
Eg får med meg ei kunstutstilling, som eg alt no, to veker seinare, knapt hugsar. Men dette biletet frå gjesteboka huska eg.
Det er nydleg haustsol, og i september poppa det opp sopp overalt. Ein gong tidlegare denne månaden gjekk eg tur over nabofjellet, og møtte på nokon som plukka sopp og som heilt tydleg prøvde å gjømme seg for meg da eg kom. Så eg måtte gå ein tur til, og sjå kva det var for sopp som vokste der de hadde vært. Det var ein Lactarius indigo - ein sopp ein kan spise. Den var skikkelig stilig, men eg veit ikkje kvifor de måtte gjømme seg. Skogsstilen er flott da.
Det er foredrag om korleis kristendommen har forvalta Maria-skikkelsen, og det er berre å dukke opp og bli mindblown. Alt ein ikkje veit noko om altså! Så spanande!
Eg er på tidleg morgonurpremiere på ein av byens scener, og vandrer igjennom nydlege gater med låg morgonsol, haustblader, lys og skugge. 
Siste helga i september er eg i Trondheim der eg studerer i haust. Her er morgonlys over sunnmørsalpene, med sola på de høgaste toppane. På biletet ser lyset ut som berre lys, men det var rosa og heilt fantastisk!
Eg hadde god tid før vi begynte på fredagen, og i sommarvarme gjekk eg rundt i byen og sjølvsagt innom for å beundre Nidarosdomen. 
Der var eg tilbake seinare på kvelden for å høyre stor musikk. Eg trur ikkje det går an å ha det betre enn vi som var der den kvelden. 
Etter 9 timarsdag på universitetet og siste rest av viljestyrke, fikk eg med meg ei eineståande danseforestilling ute i 15 varmegrader, saman med store delar av byen. Dette var noko av det beste eg har sett, og eg er så glad for at eg kom meg dit!
Ein litt roleg søndagsmorgon i hotellsenga før dag 3, og heimreise. 
Hei sognefjorden!
Siste kvelden i september delte vi saman med dette viktige forbilete. 
September, du var fin og innholdsrik 🤩

onsdag 17. september 2025

Septembersprell del 1

Den første haustmånaden hadde med seg fuktighet, kalde morgoner, varme ettermiddagar og veldig mykje fint lys. Som her - frå verandaen vår.

Kveldskjøreturer blir ekstra fine når sola står rett inn slik som her. I alle fall for den som sitter på og er ansvarleg for musikk, klima og fotografering :)
Kveldsstemning frå Festplassen mot Ulriken. Bak skyene til venstre for masta er ein enorm måne. Eg skulle så gjerne ha hatt eit bilete der den var framme, men eg hadde ein avtale og måtte gå. Men dette vart kult det også!

Det er mykje meir budsjett, strategi og posisjonering i jobben min enn ein skulle tru, men innimellom ser arbeidsdagen slik ut, og da er det samsvar mellom det mange trur og det som er virkelighet! Også gjør slike påminnelser den tyngre delen av jobben meir meiningsfull. 
Eg har ein lang arbeidsdag, og står og ventar på å bli plukka opp av mannen med denne utsikta. Solnedgang i september er noko for seg sjølv!
Vi badar - også i regn (derfor paraply). Eg skulle vidare på eit møte og måtte vere tørr i håret. Det forklarer kanskje paraplyen. Vi er framleis på 16 grader i vatnet halvvegs uti september!
Ein må vite å sette pris på kollegaer som er fødd i samme vindkast som deg sjølv - og sjå denne herlegheita når du opnar skuffen på jobb.
Foreldremøte og notater på skrivepulten bakerst til venstre i klasserommet. Eg ser ikkje bort frå at dette betyr noko anna enn rosa og barbie, men eg synes den var søt. Også trur eg det er første gong eg har sett skribling på ein pult sidan eg sjølv uttrykte meg slik.
Nok ein god arbeidsdag - denne gongen med både bobler og makroner. Og der var vi halvvegs i månaden alt!


torsdag 4. september 2025

August

Det er snålt at månaden begynte med feriedagar i fleng. No, i regnvær ein septemberkveld føles det som ei evighet sidan. Her dokumentert på veg vestover etter nesten tre veker på ferie i Sverige - prøvekjøring på fine vegar.

Det var godt å komme heim til denne pelsballen. Det var ein god og varm sommar i år, men dagen etter vi kom heim kom storm og innevær. Han trengte litt kaldare vær for å hente seg litt inn igjen, så det passa han perfekt. For oss andre var det meir ein brå og ubehagelig overgang frå sommarferie til kvardagslivhaust.
Heimekontor og matcha-te i fin kopp. 
 
Tre av fire vart forskjøla i værskiftet, så første arbeidsveke var meir hard en den burde ha vore. Men fint å komme tilbake til gode kollegaer! Og få ting kviskrar vel meir haust enn varm te, c-vitaminer (eller klementin som ein også kaller det) og halstabletter. 
Ein dag med sol, og i staden for å hente meg inn på sofaen (dette var fredag i første arbeidsveke) køyrte eg vestover for å gå meg vill/tur på svaberg.
Det er valghaust, og vi er på debatt og podcastinnspilling. Smarte ting vart sagt og mindre smarte ting vart sagt. Vi stemmer og håper på det beste.
Heilårsbading i august er ingen sak. Vi har være mellom 16 og 18 grader i august. Og vi har hatt sol kvar gong. Nydelig! Bilete frå sykkelvegen dit. 
Fin kollega takker for seg i fine lokaler. 
Vi er prøvepublikum på generalprøve. Vi er litt seint avgårde og tar sjansen på å parkere ulovleg like bak teateret. Det gjekk fint - og vi vart heller "belønna" med nydleg kveldshimmel etterpå.
Årets utandørskonsertar i parken skjer i år med blå himmel og varme! Eg får med meg siste halvdel av konsert nummer to, og burde heller ha hatt bilete og tekst om det eg såg og høyrde før denne konserten, men der var det fotoforbud. Uansett - ein innholdsrik kveld saman med nydlege mennesker!
Vi er invitert til "privat event", aka bursdagsfest, og storkoser oss med skikkelig god mat og skikkelig fine folk! 
Det store vegprosjektet i nærleiken av oss stenger stadig nye veger, og no har eg laga versjon fire etter at de stengte den vanlege joggeruta mi (og alternativrute 1, 2 og 3). Denne er jo fin, men eg gler meg til at nokon av de gamle favorittane åpnar igjen.
Den lille stilken av eit epletre leverer maks i år! Eg har ikkje telt kor mange epler det er, men opp mot 20 trur eg. Det er bra levert når ein er så høg og tynn!

lørdag 9. august 2025

Juliliv

Det er teater på Fløyen, og sidan det blir vist ganske seint på kvelden kan ein gå ned til sjølve utsikta i pausen - og få sjå nydeleg solnedgang. 

Av alle viktige uviktige ting er denne karaffelen med kaffe. Vi har hatt Nespressomaskin i 15 år, men dette var siste gong vi brukte ei slik maskin (i alle fall i eigen heim). Vi har hatt 5 ulike maskiner gjennom årene, men vi bruker nesten ikkje kapselkaffe lenger; så da gir vi den vekk. Fint, men også the end of a (småbarns)era😭
Laaangt uti juli pakka vi i bilen og køyrte til Fredrikstad. Her var vi kun i nokre timer, men for ein fin by! Solnedgang frå Kongsten fort. 
Neste dag køyrte vi vidare til Gøteborg, over denne stilige brua! 
Gøteborg kunstmuseum var akkurat passe lite, men med fantastisk variasjon! Sidan eg hadde dagsbillett gjekk eg til og frå - og det må eg prøve å hugse at er lurt. Ein kan jo bli litt visuellt fornøyd etter ei stund. Og da er det fint å gå vekk litt også komme tilbake. Resten av familien gjorde andre ting. 

Vi bytta hus i Småland, og vi hadde strålande sol og varme så og seie kvar einaste dag. Vi hadde fleire dagar på stranda, som låg 10 minutter unna huset vi budde i. For ein luksus!
Vi var i Granna to dager, og vart ikkje lei av å sjå på folk som laga sukkerstenger. Eller polkagriser da.
Eg las masse i sommar, både på stranda og i ettermiddagssola ved huset "vårt". Her i drivhuset som hold oss med grønnsaker.
Ein restaurant hadde lånebriller på disken! Så gøy!
Vi hadde oss ein dag på Visningsø. Vi hadde planlagt å bade, men her var det kald vind og skyer. Men øya var eit sommarparadis, også utan sol!
Hausting frå hagen,  squash, agurk og gul squash. 
Også enda meir lesing. Åhh, som eg saknar denne hagen!
Og strand. Og bok. Og sol. Siste dagen i juli, og dagen før vi reiste tilbake til Bergen. 
Vi gjorde mykje anna enn å lese, bade og spise grønnsaker, men der hadde eg folk på alle bileta. Sommerferie i Sverige er i alle fall heilt nydeleg, og etter tre veker der var vi fullt ut ferierte alle fire! 

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...