onsdag 29. august 2012

Akvariet i Bergen

Eg har ei venninne som bur like ved Akvariet, og ho sa at det hadde komt nokre nye lydar frå "naboane" på høgre side. Akvariet har nemleg fått sjøløver, og i juli var det parringstid; så den dominerande hannen "Mossy" brukte tid på å gje beskjed til andre mannesjøløver i byn at det var HAN som var sjefen her. Samtidig hinta han om at alle damesjøløver var velkomne på ein visitt. Eg er ikkje sjøløve, men dame er eg - så (litt for sein for parringstid, men dog) siste dagen i sommarferien vår reiste vi til Akvariet saman med min lillebror og familie. Sjøløven på biletet øverst er dame; som meg - utan samanlikning forøvrig. (Berre for å runde av introduksjonen;))
Sjøløvene er i dammen der pingvinene var før, og vindauga under vatn er superspanande! De kom svømmande langs veggen og såg på oss. Sjøløvene hadde vore der i tre veker da vi var på besøk, så det var kanskje framleis litt spanande for de å svømme slik? Den dominerande hannen var enorm! (igjen - på biletet er det ei dame.)
Slangar er gøy; også på fat:)
Glade fiskar - minnar meg om noko, men eg kjem ikkje på kva. Kina?
Janna og søskenbarn Amalie ser på sjøløveshow. Både dyrepassarane og dyrene var uvante med showet; så vi får tru denne delen blir betre etter kvart. Vi kjøpte oss årskort sidan det ikkje er så veldig mykje dyrare enn to ettermiddagar der med kjøpt billett; så vi kjem til å besøke Akvariet oftare det neste året. De skal bygge ut ein heil del, eg trur det blir kjempebra! Det skal også komme fire nye sjøløver.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...