fredag 25. januar 2013

Ei travel veke

Har eg nevnt nok ganger kor glad eg er i Nespresso-maskina vår?
Dette har vore ei av desse vekene som får meg til å forstå kor mykje ein klarar å presse inn på ei viss tid - og som får meg til å lure på om eg må kutte ut noko.

Eg har fått eit nytt ansvarsområde på jobben - så på søndag jobba eg på ettermiddagen medan mannen var heime med slappe og prikkete unger. Måndag lærte eg at eg etter nokre veker med sjukdom og ikkje fullt så masse trening som eg ønskjer, ikkje lenger klarer å ligge på 95% av makspuls i 10 minutter (det var tungt for sjølvtilliten!) Tysdag var eg med å arrangerte opning av ein etterlengta Frivilligsentral. Onsdag rakk eg å rydde litt på stuebordet før mannen reiste ut på Stand Up i byn. Torsdag var eg på "Førstereis" på Den Nasjonale Scene og opplevde at Helge Jordal har andre strengar å spele på enn berre den overaktive klovneskikkelsen (forøvrig ei NYDLEG og sterk forestilling som eg anbefalar alle å sjå!). I dag er det igjen mannen sin tur å forsvinne i 18-tida. Han skal treffe gamle jobbkameratar til mat og god drikke. Heime blir det nok knekkebrød og vatn og tidleg i seng tenkjer eg! I tillegg jobbar eg max i arbeistida med mitt nye ansvarsfelt og søknadsfrister som nærmar seg. Ungane er no heilt friske igjen - det er veldig godt! Kva kan eg kutte? Heldigvis er kveldane ikkje slik kvar veke. Sjølv om det ikkje er langt unna. Vi lever, vi har det veldig bra, men vi trenger LENGRE HELGER og meir tid på sofaen!

God (og roleg) helg ønskast deg!

3 kommentarer:

  1. Puh, håper du går en rolig helg i møte ��Selv har jeg vakt og håper jeg rekker innom eldstejentas første fotballturnering.. Takk for hyggelig kommentar inne hos meg, og håper å se deg der flere ganger ��

    SvarSlett
  2. Har noen slike uker vi også siste månedene, men nå har det heldigvis roet seg her.
    Håper du får innvilget søknaden om lengre helger og meir tid på sofaen og at energien er oppadgående.
    God klem til deg:)

    SvarSlett
  3. Takk, takk - helga var fantastisk med berre avslapping, friske unger og sofatid! Av og til går det fort i svingane, noko eg stort sett liker, men det er godt å bremse litt også:)

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...