Vi hadde små lovehearts til gjestane våre med Just Married på - kjempesøte! Boksen desse kom i oppbevarer bryllupskortene våre. |
Eg gjekk for den enkle looken - gull og raude hjarter med glitter (måla med neglelakk - fungerer som berre det!)
Inni skriev eg ord av Åslaug Vaa;
Fyrst når to men’skjer kan sei til kvarandre.
Gå der du vil,
Du er du!
Gjer det du vil,
Eg er eg-
Men eg ser vegen din
Og eg lyder etter fotefari dine
Og eg kjenner din vilje
Strøyme gjenom blodet
I javne, rolege pulsslag-
Fyrst då kan to men’skje eiga kvarandre.
Dette stod i kortet vårt som vi fikk av den eine av mine to forlovarar - nydlege ord! I går reiste brudeparet på bryllupsreise - det er nesten så ein blir litt missunleg!
I helga skal vi på leikebutikk saman med storebror og bursdagspengane hans. Eg skal ta meg årets første springetur ute i friluft, og på søndag skal vi i bursdagsmiddag til ein 61-årsjubilant. Ei flott helg!:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!