mandag 16. desember 2013

Fotballcupobservasjoner

Frå minifotballcup - lillesøster og yngste søskenbarnet hennes.
Laurdagen vår var dagen vi berre var saman vi fire. Vi handla inn siste rest av julegåver og mykje av julematen. Vi bakte pepperkakestall og rydda heime. Såg julefilm og pakka inn gåver.

Søndag vart annleis! Storebror skulle vere med på sin første forballcup - OH kor han gleda seg! Spent som ein gitarstreng, lettare å vippe av pinnen enn ei ku på ei høyspentlinje og elektrisk til de grader! Det var også min og lillesøster sin første fotballcupopplevelse, medan far i huset meir eller mindre deltok på alt av fotballrelaterte aktiviteter i alle vestlandsfylkene i årene 1989 - 2001.

Tre kampar, 17 minutter kvar kamp. 0-14, 1-22 og 0-18. Men så ER det jo ikkje viktig å vinne heller! Alle får jo medalje og applaus! Men likevel ---

Skrikinga frå curlingforeldre når ungane scora (jadda - eg hadde nok skrikt eg også om storebror hadde scora), navngjeving av "de beste" spelarane ("Bra Jonas! Bra Jonas! BRA JONAAAAAS! Hey! Christoffer! Ta ballen! Ta ballen Christoffer! Bra Jonas!!!" Tar du biletet?), maten som blir solgt til foreldre og barn (Nachos? Cola? Loff med smelta ost? Er ikkje dette idrett? Er ikkje riktig kosthold minst like viktig som å bevege seg?) og ikkje minst (og dette ser eg også andre stader, men her var det ekstremt) foreldre med fokuset på mobiltelefonen kvar gong de vurderte at "det er ingenting som skjer".

This is not my crowd.

Storebror? Han synes det var ok, men vart redd da det første laget de spelte mot sa "Vi skal slå dokkar!", og han sprang rundt i 17 minutter og var redd for å bli slått. Dette forklarte vi etterpå, men opplevelsen trur eg ikkje var noko god. Medaljen var flott, og han fikk sin eigen fotballtrøye av laget sitt - den brukar han i barnehagen i dag. Lillesøster kosa seg, dilla rundt med skjegler og andre småjenter. Så sovna ho i bilen på veg heim. Mannen sa berre "Dette var ekstremt. Eg kan IKKJE hugse at det var slik!" Er det hukommelsen? Tidene som har forandra seg? Det faktum at han no er pappa på sidelinja, og sist var han spelande ungdom? Eg veit ikkje. Eit kultursjokk - DET var det i alle fall!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...