søndag 26. januar 2014

Kino!

Bileter frå kino med storebror sine venner frå barnehagen i desember. Storebror tar billetter i døropninga.
I dag skal vi på kino og sjå "Karsten og Petra på vinterferie". "Karsten og Petra blir venner" var den første kinoen storebror såg, og han likte den kjempegodt! Vi kjøpte den på DVD i etterkant, så lillesøster har fått sett den ho også. Småsøsken får gjerne vere med på ting litt tidlegare, så ho var på kino i desember og såg "Jul i Flåklypa", og i romjula og såg "Frost".
Popkorn er eit must på kino!
Til jul fikk storebror Løvungen av tante og onkel, og lillesøster fikk Frøken Kanin. Desse leiker de masse med, så de skal sjølvsagt få vere med på kino i dag! Det er usmakleg dyrt å gå på kino, men Karsten og Petra-filmen har vi snakka om at vi skal sjå sidan vi fikk høyre at den skulle bli laga. Sjølv har eg litt vanskeligheter med å svelgje idyllen i film nummer 1, men kritikken av denne filmen seier at idyllen ikkje er like kvalmande, så da skal det gå bra betre.

Eg er i alle fall sikker på at ungane kjem til å STORKOSE seg - og det er det viktigste!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...