lørdag 21. mars 2015

Bursdagskort med hamaperler

Lillesøster og eg lagde bursdagskort til ein fireåring sist helg. Ho perla ei mus som vi limte på eit enkelt gult kort som eg har liggande frå mange år tilbake. Eg satte små limperler rundt på kortet, også satte lillesøster på ulike charms som vi hadde liggande etter eit anna prosjekt som vi hadde gjort.
Ikkje sant det vart fint! Det var så kosleg å lage dette saman, og det var koselig å gje det vekk! Lillesøster skreiv også alle navna våre bakpå, ho er blitt så flink å skrive - og kan de fleste bokstavane. Det lønner seg å ha ein bror i første klasse 😆


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...