fredag 8. juli 2016

Biens historie

Etter å eg ikkje fikk sette meg opp på venteliste på biblioteket på denne boka av Maja Lunde, gjekk eg heller å kjøpte den da den. Dette er ei stor "it"bok som "alle" har lest! Og for ei bok da! Veldig interessant lesing! Det er tre historier, alle frå ei tid i historia - fortid, notid og framtid. Slike bøker går alltid ekstra fort å lese, sidan eg gjerne leser to kapitler ekstra berre for å komme meg til historie ein som plutselig vart spanande. De tre fortellingane er også skrive på ulik måte, noko som gjør at eg ikkje vart lei språket. Særleg falt eg heilt for notid - George og Tom, huff! Denne las eg deler av høgt for mannen min også. Tao i framtid var også spanande, og forferdelig ekkel! Eg kjem ikkje til å drepe ei bie igjen for å seie det slik.
Denne las eg ut på tre dagar - tre kvardagar til og med, denne prioriterte eg. Også hadde eg veldig lyst å grine når den var over. Eg gjorde ikkje det, men den var så huff. Og litt dum. Men mest trist. Denne skal mannen lese i sommar. Ikkje fordi han må, men fordi eg trur han også kjem til å like den veldig godt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...