søndag 10. juli 2016

"Hade barnehagen"

Fredag sist veke hadde lillesøster sin siste dag i barnehagen etter 4,5 år som barnehagebarn. Storebror gjekk eit år i ein anna barnehage, men alle åra han hugser var han i akkurat denne barnehagen. Den har vore så sentral i livene våre; både praktisk som ein del av det vi gjør kvar dag, og emosjonelt som ein stad der ungane våre har mange av vennane sine og skapar barndomsminner.
Lillesøster laga denne flotte teikninga av barnehagen som ho gav til den siste dagen sin. Ho teikna seg sjølv med smil "fordi jeg gleder meg til å begynne på skulen".

Storebror laga også ei fin teikning av barnehagen og skreiv på at han kom til å besøke barnehagen ofte med sine eigne barn. :)

Bakpå eit bilete av ungane våre skreiv eit kort til alle de flotte menneskene som har tatt så godt vare på de medan eg og mannen har vore på jobb! Eg og storebror vart enige om å kjøpe ein boks med sjokoladehjerter som de kunne ha på pauserommet. Det var hyggleg å overrekke kort, teikningar og gåve; samtidig som det vart litt ekstra trist. Heldigvis bur vi i nærleiken, så vi kjem til å sjå de innimellom sjølv om vi ikkje lenger er innomhuset kvar einaste dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...