Etter å ha sove til eg vokna av sola eller varmen har klokka ringt kl.07:15 denne veka. Kvar dag. Og alltid midt i ein deilig draum.
Etter å ha spist god lunch, gjerne ute og med is til dessert har det vore tilbake til fire knekkebrød med smøreost. Og ei appelsin. Spist på møterommet.
Etter god tid med morgonkaffe saman med mannen. Gjerne i sola, med god tid til lange samtaler har det vore kaffikoppar foran PC'en medan eg sjekka mail.
Etter dagar med variert innhold, både bevegelse og ro, er det no 7.5 timar foran data. Kroppen berre "WHAT????!!!"
![]() |
Soltzentur med mannen siste sommarferieveka vår |
Etter å ha blitt vandt med å tenkje dagen som eit er den no delt opp i små bolkar, stå opp, få opp ungane, levere på sfo, komme på jobb. Og dette var berre time ein.
Etter veker med kun praktiske tankar av typen "kva is skal eg kjøpe?" er det tilbake til strategier, mål og økonomi. Eg er sikker på at IQ'en min synker drastisk i løpet av ferievekene. Og det tar tid å komme tilbake til der den var.
Karusellen tar fart no. Om ein månad veit eg at den er i full speed og da er det non-stop til jul. Det er berre litt treigt å starte. Det går snart som smurt!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!