onsdag 20. desember 2017

Førjulshelg

Den første helga i desember vart fylt opp julestemning! Vi gjennomførte årets kakemenn- og pepperkakebaking med venner.
I år prøvde vi ny oppskrift til kakemenn (sidan vi ikkje fant den vi vanlegvis bruker). Pepperkakeoppskrifta er Tine sin - den er så god!

Med fire flittige unger rundt bordet vart brettene fort fulle, og det var ingenting igjen til de voksne. Litt synd eigentlig, for det er så kjekt å lage!

Bakinga vart avslutta med nissegraut med spekemat og mandel i grauten. Vi hadde ingen nøtter i hus, så vi klistra eit klistermerke under den eine skåla og satte de ut på måfå. Heldigvis var det storebror som vant grisen i år! Han har snakka om at han ALDRI vinner noko gris de siste fire åra. No jobbar vi med å få han til å hugse at han vant i år! Også er det ny sjanse på lillejulafta :)
Dagen etter var vi på turnoppvisning med lillesøster som har blitt så flink denne hausten! Alle som var med var kjempeflinke - heilt frå 4 år og opp til de som spretter rundt som nokon baller utan at det ser noko vanskelig ut!
Vi køyrte innom McDonlads og måtte spise burger i bilen på veg mot Indre Laksevåg der det var julegrantenning. Lillesøster har blitt så glad i å lese songar - og synger med uansett om ho kan melodien eller ikkje!
Etter ei samling ute var det ei kort advensgudsteneste før alle barna vart med inni låven der nissen satt. Sidan de alle var snille barn (går vi ut ifrå) fikk de alle ein sjokoladekalender med seg heim. DET var stas! Ungane våre har aldri hatt sjokoladekalender - men no i år altså! Heldige!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...