tirsdag 19. desember 2017

Skog- og snøtur

No på søndag stod det Pepperkakeby og bytur på planen. Men værmeldinga trua med mange varmegrader og regn som kom til å smelte vekk snøen som framleis låg. Vi valgde å utsette bytur og tok heller med oss akebrett og lunch og gjekk til Gullaksdalen.
 Vi satte frå oss akebrettene der også gjekk vi opp til demningen for å sjekke ut isen der. Ved Gullaksdalen var det heilt isfritt. Ved demningen var det is og ungane turde å gå litt utpå og leike.
 Lange pauser og vinterturar er ein dårleg kobinasjon, men med varm kakao held vi ut litt lenger. Ungane vart veldig gode og varme der de jobba med å lage skøytebane.
 Da vi skulle gå ville vi sjekk ut kor tjukk isen var - og den var ikkje mykje tjukk! Eit par cm kun! Ungane hadde sjølvsagt holdt seg ved strandbredden, men det var fint de ikkje datt igjennom og vart våte. Det var jo framleis 5 km heim.
Vegane i Alvøskogen er supre når det er snø. Variert terreng slik at det er ein god kobinasjn mellom oppoverbakker der ein får varme i kroppen og nedoverbakker der ein får suse. Vi var ute i 3.5 timer denne søndagen. Like etter at vi kom heim begynnte det å regne, så vi er glade vi heiv oss rundt og fikk nytt dagen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...