Storebror lånte seg ei bok om båtar på skulebiblioteket og fant heilt for hangarskip. Her er han i gang med å teikne arbeidsplan. Der er alltid han og mannen som er designere, medan eg og lillesøster henger på og gjør som vi får beskjed om.
Trikset er (mellom anna) å sage til alle delane når de er ferdig steikte og kalde. Da får de rette og fine kantar. Og ungane får smaksprøver ;)
Vi limer saman med limpistol og bruker papp og tre inni til å forsterke konstruksjonen. Her er overflata der flyene skal stå ganske stor, og vi vil at den skal holde i vekesvis i eit kanskje litt fuktig miljø.
Her er landingsstripa teikna på. Legg merke til stoppesikkerhetsdingsen i enden av bana. Den sørger for at flyene ikkje havner i havet om de har litt stor fart. Dette er storebror sitt auge for detaljer! Den og mastene er av saltstenger.
Her er den ferdige båten. Hangarskip har ganske så rar form (google det), men når vi satte på nokon fly håpar vi at folk ser kva det er. Flyene har samme nummer som skipet (også storebror sin ide).
Flyene var det eg som laga i papp og malte i fargar etter bestilling. Det er også ein helikopterlandingsplass på skipet.
Vi leverte det inn tidleg i november, og ikkje før 19.desember tok vi turen til Pepperkakebyen for å sjå på det og alle de andre byggverkene!
Eg har ein forkjærleik for mummitrollhus - sjå på dette lille fine!
Det var sjølvsagt fleire pariserhjul og flyplassar i årets Pepperkakeby!
Og eit hangarskip! Plassert heilt fremst ved kanten. Masse var knekt av og den hadde fått nokon nye element. Overraskande nok var alle flyene på plass! Sidan den var så godt plassert hadde vi fått fleire bileter tidlegare i desember frå venner som hadde sett den - så ungane var forberedt på at ikkje alt var slik det var da vi leverte det inn.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!