Mai er ein fantastisk månad! Mange fridagar, vår og utsikter mot sommarferie! De første vekene av månaden var i bjørkepollens navn - eg har ikkje vore så sjuk sidan eg hadde influensa i februar 2016.
Til tross for manglande oksygeninntak inviterte eg mammaene i klassen til storebror til mammakveld. Det var superhyggelig - og medførte restematkvelds i nokon dagar etter. Lillesøster synes det var som å bu på eit hotell!
I desember installerte eg Starbucksapp (nesten) kun for å få gratis drikke på bursdagen min! Med seks månaders ventetid synas eg at eg utviser stor tolmod og ikkje minst gnitenhet! Lykka var stor da dagen endelig kom og eg kunne spasere ned på nærmaste Starbucks å hente meg ein caffemocca. Heilt gratis! Neste gong skal eg velgje den STØRSTE de har!
Alt ein kan gjøre i løpet av arbeidsdagen er tommel opp! Her undersida av brua mot Danmarksplass. Tur og frisk luft, god mat og fine kollega! Det var ein god dag på jobb!
Kvifor dette biletet kom opp-ned veit eg ikkje. Men i år vart altså 17.maipikekyssene litt begrensa i fargen. Vi hadde ikkje raud matfarge, så da vart det slik. Men tunga vart blå og de smakte godt - så vi arkiverar det under suksess!
Sjå på epletreet vårt! I fjor var første året det bar frukt - heile tre epler! Vi har STORE forventningar til årets innhausting!
Hurra for 17.mai! Det var rekordvarme, men vi gjennomførte dagen som vanleg - med besøk, bunad og tog. Det uvanlege var at vi gjekk rett frå bunad til badetøy og kjørte til nærmaste strand for å ta eit etterlengta og avkjølande bad! Før vi åt rømmegrautrestar til kveldsmat og kollapsa i sofaen.
Nok eir rartvinkla bilete. Gjestane våre hadde med seg dessert som eg måtte ta bilete av! Så fin og god!
Denne solnedgangen ,sett fra huset vårt her, var som skapt for sosiale media! Eg legger den heller ut her. Ja, også var den enda vakrare IRL.
Toulouse har levd lenge nok i hagen til at han har rensa den for andre kattar. Det tok sin tid, men det gjør det kanskje.
Mange år etter at vi sist tok turen, var vi ein søndag i mai til Lysøyen for å være med på Lysøen rundt. Alle må ta båt ut, og med det fantastiske været var det heilt nydelig!
Ole Bull sitt "slott" i flott arkitektur! Turmarsjen gjekk rundt om på øya, med fleire postar undervegs. Vi hadde med oss venner til alle, til og med til meg!
Det er ikkje mange årene før vi begynner med konformasjonsrunder i eigen familie. Det er spanande for framtidens konfirmantar å sjå kva dette eigentlig går i, og kjekt for oss som alt er konfirmert å være med! Her er pengeplante til ein flott konfirmant!
Dette var første turen ut etter at bjørka hadde gitt seg. Denne dagen hadde det regna litt, så lufta var heilt frisk! Etter fire veker med HØGST ufrivillig treningspause var det magisk å begynne igjen. Og godt å kjenne at formen kjem fort tilbake!
Helgetur til Ålesund, med lunchpause i fagre Jølster. Det er som å sitte midt i eit måleri!
Når ein får ha ein arbeidsdag i Håkonshallen er det kanskje berre å forvente at det er stil og stas over de enkle ting - som kaffikoppar i stiv givakt - men det gir likefullt glede!
Pause i sol og grønne omgivelser mellom slagene på Festningen.
Toulouse satte eit 11 cm langt gras fast i halsen i slutten av mai, og det kosta oss rett i underkant av 3.000 kr. Godt han er pen og god! Her er han nett komt heim, framleis med plaster på poten der han fikk bedøvelse slik at de kunne gå inn i munn og hals og dra ut graset.
Hagen blomstrer! I år har eg henta inn blomster titt og ofte; og det er så fint og lurt! Margaritha, Syrin og Rododendron.
Den siste fridagen i mai sykla vi til Lyderhorn, gjekk opp, gjekk ned, kjøpte is og lunch, leika og sykla heim. Og det var det vi gjorde den dagen. Herlig!
Siste dag i mai vart brukt til forberedelse av bursdagsfest. Lillesøster hadde invitert 15 venninner, og alle skulle få lage sin egen pizza! Her er 16 halvsteikte pizzabunner klare!
For andre gong laga vi Barbiekake - denne gongen med Askepott. Ho er laga av sjokoladekake i langpanne med mengder av rosa smørkrem. Resultatet kjem i juni :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!